Til dagleg er Herman og Simon Rovde Hjertvik frå Ørsta elevar ved volleyballina på Sand vidaregåande skule. 8. april startar skule-VM i volleyball i Espinho i Portugal, og tvillingane skal saman med dei andre 1.-klassingane på volleyballina representere Noreg. Med ei litt uheldig gruppetrekning og mange sterke nasjonar er ikkje forventningane før VM så alt for store.

– Vi har hamna i gruppe med Polen, Iran og Bulgaria som alle er sterke nasjonar, og som hevdar seg på høgt nivå, seier Simon.

– Det er tretti nasjonar som er med i turneringa. Vi skal spele så godt som vi kan, og så får vi sjå kor langt det rekk, seier Herman.

Tvillingane har fått prøvd seg på eit internasjonalt nivå tidlegare då dei var med U17-landslaget til NEVZA-turneringa i England i november i fjor.

– Skal kjempe om NM-gull

Før det er tid for avreise til Portugal ventar det to noregsmeisterskap for Hjertvik-tvillingane og lagkameratane i KFUM Volda. Frå 21. til 23. mars er det U17 NM i Kristiansand, og frå 4. til 6. april er det U19 NM i Bergen. I starten av februar var dei med då KFUM Volda kvalifiserte seg til NM. I fjor vart det ein sjetteplass i NM for G17-laget, men i år siktar dei mot edelt metall. I fjor var dei også med på regionslaget til Møre og Romsdal som gjekk til topps i NM.

– I U17 NM går vi for gull. Til U19 NM har vi ikkje så store forventningar. Det er høgt nivå på laga, men vi skal spele så godt som vi kan. Vonleg kjem vi topp åtte i turneringa. Vi stiller nesten det same laget i begge noregsmeisterskapane, seier tvillingane.

For Simon og Herman er det no vinterferie, og dei er tilbake i Ørsta. Ein del av ferien vert nytta til trening med KFUM Volda, og førebuingar til NM.

– Når vi har vore vekke ei stund så må vi bruke litt tid til å spele oss i lag igjen slik at spelet sitt til NM.

– Angrar ikkje

I fjor valte Simon og Herman å søkje til volleyballina i Sand, og kom inn. Det er noko som dei ikkje angrar på.

– Vi kom til det vi trudde vi skulle kome til, og vi har vorte teke godt imot. Førsteinntrykket av skulen var veldig bra, og det har levd opp til forventningane så langt, seier dei.