Fire serierundar står att for Hødd i Adeccoligaen denne sesongen. Etter 26 kampar ligg Hødd tre poeng bak Stabæk som har den andre direkte opprykksplassen til Tippeligaen. Onsdag var Hødd i Volda med heile stallen, og gjennomførte trening både på Volda stadion og Stamina før dei bidrog på Haustcampen.

– Det er kjekt å bidra, og det er viktig at vi gje noko tilbake til naboklubbane, seier Hødd-trenar Lars Arne Nilsen.

– Vi er litt overraska

Kommande søndag ventar ein viktig kamp mot Kristiansund på Høddvoll. Hødd er i god haustform og har fire sigrar og ein uavgjort på sine fem siste kampar. Med siger søndag vil truleg ein kvalifiseringsplass til Tippeligaen vere sikra, og dei vil framleis vere med i kampen om direkte opprykk.

– Ting har gått over all forventning, og vi er litt overraska sjølve over at vi ligg i den posisjonen som vi gjer. Vi har kome inn i ein flytsone der vi vinnar jamne kampar. Sjølvsagt har vi måtte legge om spelestilen litt, og vi har vel berre fire spelarar att frå cupfinalelaget. Det har vore store utskiftingar i laget, men vi har vore heldige med dei vi har henta og dei har levert. Samtidig så har våre spelarar utvikla seg og teke eitt steg vidare. At vi ligg der vi ligg på tabellen er fantastisk artig og spennande, og alt er mogleg.

– Er det ei målsetjing å prøve å kapre den andre sikre opprykksplassen?

– Vi har ikkje sett noko målsetjing. Vi rykkjer ikkje ned, og ergo så går vi for gull. Det er fire kampar att av sesongen, og sjansen til å vere med opp i toppen er til stades. Vi håper at vi får ein kvalikkplass, og får vi noko meir enn det er det berre vanvittig fantastisk. Vi går for det viss det er mogleg.

Nøkkelkamp

Etter kampen mot Kristiansund søndag ventar Bryne (borte), Follo (heime) og Mjøndalen (borte).

– Det er tøffe motstandarar, og Bryne borte er sjølvsagt tøft. Vi har eigentleg berre tøffe kampar igjen. Vi bør slå Follo heime, og det kan vere nok til at vi får kvalikkplass. Søndagens kamp mot Kristiansund er også ein nøkkelkamp, og eg trur vi er sikra kvalikkplass om vi slår dei. Det vert ein spennande kamp. Det er ikkje ein kamp som vi må vinne, men om vi vinn den så har vi nok kvaliken inne, seier Nilsen.

– Framleis eit håp om andreplassen

I spelargruppa er tonen god, og dei ser fram til ei spennande avslutning på sesongen.

– Vi ser veldig positivt på det. No ventar Kristiansund heime, og det er ein nøkkelkamp om vi skal ha ein sjanse på andreplassen. Vi har framleis eit håp om ta den plassen, og eg vert skuffa om vi ikkje skulle klare å ta kvalifiseringsplassen. Men eg ser ikkje føre meg korleis det skulle skje. Eg trur vi klarer kvalikplassen, og så vert det spennande å sjå, seier Sivert Heltne Nilsen.