Dette var ein nøkkelkamp for begge lag. Hønefoss sto med sjupoeng og måtte vinne for ikkje å bli hekta heilt av. Volda som i denne kampenmåtte greie seg utan Olivia Kiss  ogHilde Egset, ville med siger kome seg over nedykksstreken.Volda opna kampen best og etter ti minutt leia dei 5-2, fire av skåringane varsignert  Laima Bernataviciute. Heimelagetvar tre mål føre fram til 9-6, då sette Hønefoss frimerke på Laima. Ei svakVoldaperiode fulgte og Hønefoss greidde å snu kampen mot eit handlingslammaheimelag. Ved pause stod det 11-11.

Rota bort to poeng

Volda greidde heller ikkje i starten på 2.omgang å finne att rytma iangrepsspelet og blei liggande eitt mål bak det meste av omgangen. På stillinga20-21 tok Laima grep trass i frimerke. Ho noterte seg for fire skåringar på radog snudde dermed kampen for Volda. Då Linn Berg sette inn 25-22 fem minutt førslutt trudde dei fleste på tribuna at dette kom til å gå Volda sin veg.  Men heimelaget greidde ikkje å halde fokus isluttminutta. Det rakna både i angrep og forsvar. Hønefoss kom ajour på 25-25 ogfem sekund før slutt fekk dei straffekast som dei sette  i mål. Dermed nok eit surt eittmålstap forVolda som no må plukke på bortebane for å berge plassen.

Utrygge spelarar

Ein svak kamp av heimelaget der svært lite fungerte.  Bakover var både forsvar- og keeperspel underpari. Framover på bana var det lite som fungerte i det kollektive spelet. Ingentok ansvar og styrte spelet. Spelarane verka utrygge og var redde for å gjerefeil. Saknet av Olivia Kiss på strek og Hilde Egset som speleoppleggar bleimeir og meir tydleg til lenger ein kom ut i kampen.

Lyspunkta

Likevel var der nokre lyspunkt;Laima Bernataviciute var den store spelarane påbana og noterte seg for 10 mål sjølv om ho hadde frimerke det meste av kampen.Line S.Hagen fekk vist fram skotarma si og noterte seg for fire skåringar. LinnBerg kom inn på venstrekanten i  andreomgang og markerte seg med tre fine skåringar.

- Burde ha teke time-out

- Det var drittsurt å tape denne kampen som no set oss i einvanskeleg situasjon, sa Voldatrenar Kristinn Gudmundsson etter kampen motHønefoss.

Han meinte at kampen blei somforventa. - Vi visste at vi  møtte eit botnlag somkjempa for poeng. Dessverre var vi ikkje trygge og tolmodige nok i det vipresterer på bana i dag. Spelarane visste at dette var ein kamp dei måtte vinneog hadde presset på seg, dermed vart det noko forknytt over spelet vårt. Trenaren la ikkje skjul på at det var mange ting som ikkje fungerte.

-  Det som skuffar meg mest er at vi ikkje erlure nok på stillinga 25-22.Vi gjorde dumme feil som blei avgjerande forkamputfallet. Eg er også skuffa over at vi på benken ikkje tok time-out før detsiste angrepet.

Sju kampar att

Volda har spelt 19 kampar og ligg på 12.plass.Det er to poeng opp til sikkerplass, men må no plukke poeng på bortebane. Det står att sju kampar , berre toav desse er på heimbane(Utleira og Selbu).Resten (Fana, Viking,Sola,Bækkelagetog Halden HK) er bortekampar. Til helga går turen til Bergen der dei skal møteFana og Viking. Gudmundsson er klar på at dette blir viktige kampar- Vi skal ha ein grundig gjennomgang av denne kampen både spelarar ogtrenarar.  Alt fokus vil no vere motneste kamp og korleis vi skal slå Fana. Den jobben vi legg ned på treninganekomande veke vil bli avgjerande. Islendingen har stor tru på at dei skalgreie å snu det og få med seg poeng frå Bergen.