Onsdag vart det klart at Rikard Tennø Vestre gir seg som hovudtrenar for a-laget til Volda etter denne sesongen. Vestre kom til klubben for to år sidan, og kontrakta går ut etter denne sesongen. Til Nærnett seier trenaren at han hadde lyst til å halde fram i klubben, men at han ikkje hadde tid til å vente lenger.

- Det er klart at eg er skuffa. Sportsleg utval og eg har ikkje vorte einige om korleis klubben skal utvikle a-laget til å verte best mogleg, seier Vestre til Nærnett.

Sportsleg utval i Volda TI fotball kom med ei fråsegn på klubben sine heimesider torsdag føremiddag. Dei takkar Vestre for jobben han har gjort i 2014 med å ta laget tilbake til 3. divisjon, og poengterer at dei ikkje er ferdig med evalueringa av årets sesong.

- Sportsleg utval gjer ei grundig evaluering av årets sesong der trenaren er eitt av fleire tema, og denne evalueringa er ikkje ferdig enno. Vi vil beklage at Vestre har gått ut offentleg og kunngjort at han har valt å gå av så tidleg, før sesongen er ferdig og før sportsleg utval er ferdig med si evaluering. Vi reknar med at trenar og spelargruppe raskt legg saka bak seg og oppmodar alle involverte om å fokusere på dei siste seriekampane for sesongen og det komande innandørs-KM, heiter det i fråsegna.

Vestre gav beskjed til styret til Volda TI fotball og spelargruppa tysdag om at han ikkje var aktuell som Volda-trenar komande sesong.

- Eg føler nesten at eg svikta spelarane, men det er uhaldbart å halde fram med tanke på klubben sitt miljø utanfor a-laget.