Sæbø er truleg på veg mot sjette divisjon etter at det vart tap 3-5 for Aksla på Sæbø-grusen torsdag kveld. I eit øsande regnver måtte Sæbø-spelarane slå fast at Aksla vann ein fortent siger.

Måtte vinne

Sæbø måtte vinne denne kampen for framleis å ha eit reelt håp om å verte verande i femte divisjon. Det starta også godt.

Etter ni minutt vart det 1-0 til heimelaget. Sæbø kontra kjapt, og Terje Haugen Øye fann Svein Ivar Moltu med ei god pasning. Moltu klemde til frå om lag ti meter, og ballen fauk i mål.

I startfasen av kampen var særleg Moltu farleg frampå fleire gonger, men sakte men sikkert tok Aksla over kampen.

Slurv

Etter nitten minutt vart det 1-1. Det var eit mål av det billige slaget. Aksla fekk frispark, og Sæbø-spelarane slurva med returløpa. Dermed vart det enkelt for Aksla å skåre.

Rett før pause kontra Sæbø. Terje Haugen Øye kom åleine, runda målvakta, og frå mest død vinkel sette han ballen i ope mål.

Sæbø opna andre best

Sæbø opna andre omgang best. Igjen var det særleg Moltu som var farleg. Han hadde fleire gode sjansar, men kom ikkje til gode nok avslutningar.

Kollaps

I staden var det Aksla som tok over kampen, og midtveges i omgangen kollapsa nærmast Sæbø. I løpet av femten minutt skåra Aksla fire gonger, og kampen vart snudd til 2-5.

I denne perioden var Sæbø lite resolutte. Det vart slurva både i pasningsspelet og i det defensive arbeidet, og til tider var heimelaget utspelt.

Reduserte

Sæbø reduserte med eit kvarter att av kampen. Moltu steig opp på eit innlegg, og nikka ballen over Aksla-målvakta og i mål.

Sæbø prøvde på ein sluttspurt, men det vart ikkje meir enn nokre nesten-sjansar for laget.

- Løpet er nok køyrt no, seier spelande trenar Yngve Frøland. Han lovar likevel at Sæbø skal gje alt i dei to siste kampane.

Tabellen finn du her.

Svein Ivar Moltu skåra to mål mot Aksla på Sæbø-grusen. Det var ikkje nok. Foto: Rune Sæbønes