Åmdal har fått ein god start på sesongen, og hadde ni poeng på sine fem første kampar. Alle poenga har kome på Legene, og heimelaget var favorittar mot Hasundgot. Gjestene stod med tre poeng på dei første fem kampane, og sigeren kom borte mot Åheim.

Tidleg leiing

Åmdal opna best på heimebane, og tok leiinga i kampen etter berre to minutt. Øystein Frøyland spelte fri Simon Gjøen som hadde eit flott raid på venstresida. Han fann Kai Robin Myklebust som sendte Åmdal i føringa. Sjølv om heimelaget hadde kontrollen tok det ikkje lang tid før laga var like langt. Kjetil Knotten fekk godt treff frå rundt tjue meter på ein retur, og 1–1. Etter utlikninga vart det stillingskrig mellom laga. Åmdal skapte mest og kom til fleire gode innlegg. Joakim Rødven stod godt i mål for Hasundgot, og heimelaget klarte ikkje å få utteljing på sjansane sine. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 1–1.

Sjølvmål

I andreomgang klarte Åmdal å heve spelet sitt igjen. Gjennom omgangen skapte heimelaget bra med sjansar, og det låg eit mål i lufta. Likevel klarte ikkje Åmdal å få teljande resultat. Tre minutt før full tid var Ole Martin Korsnes uheldig og stussa ballen i eige mål. Dermed var det Hasundgot som kunne juble for sin andre siger denne sesongen.

– Kollektive innsatsen ikkje god nok

Spelande trenar Svein Erik Grevsnes var ikkje heilt nøgd med det Åmdal viste på bana.

– Vi skaper klart mest målsjansar, og er det beste laget. Den kollektive innsatsen er likevel ikkje god nok. Det vart for mykje dribling, føring og enkeltmannsprestasjonar, og vi klarte ikkje å få til den samhandlinga som vi har vore flinke på så langt i sesongen. Vi glimta til av og til, men eg er litt skuffa over at vi ikkje trilla meir ball, seier Grevsnes.