Krinsstyret i Sunnmøre fotballkrins har kome med forslag til krinstinget om å innføre niarfotball for 13- og 14-åringar frå neste år. I desse årsklassane har klubbane kunne velje om dei ville stille med 7-ar- eller 11-arlag, men om det vert fleirtal rundt saka kan valet stå mellom 7-arfotball og 9-arfotball komande sesong. Sunnmøre fotballkrins prøvde ut niarfotball i ulike klassar i år, m.a. i 4. divisjon for damer, og Sogn og Fjordane fotballkrins nytta 2013 som eit prøveår for smågutar og småjenter. Forbundsstyret i Noreg fotballforbund ynskjer å innføre 9-arfotball frå og med 2015, og om det vert fleirtal for saka på krinstinget 7. desember vil fotballen på Sunnmøre vere eitt år tidlegare ute.

– Positiv effekt av niarfotball

Av dei lokale klubbane er det Ørsta, Volda og Hovdebygda som har flest lag i desse aldersbestemte klassene, og klubbane stiller seg positive til forslaget frå krinsstyret.

– Eg ser heilt klart utfordringar for alle klubbar når det gjeld 11-arfotball, og eg har til og med på juniornivå sett positiv effekt av 9-arfotball. Enkelte juniorlag har stilt med 9-arlag, og eg trur at dette er ein rett veg å gå. Det er klart at det er spelarar som har kome så langt i utviklinga at dei kan spele 11-arfotball, men eg trur at det store fleirtalet er der at 9-arfotballen er eit glimrande alternativ. Speleflata vert ikkje så stor, og det vert meir ballkontakt og deltaking i spelet. Dei som meistrar 11-arfotball utan problem må få eit tilbod kanskje oppover i systemet, seier Sindre Skurtveit som leiar for den aldersbestemte fotballen i Hovdebygda.

– Vi syns at dette er ein god veg å gå. Ein annan effekt av det kan vere at det opnar opp for fleire lag i desse kulla, og at fleire klubbar kan stille lag. Her er mange effektar, men først og fremst så trur eg at det å gå gradene frå 5-ar-, 7-ar- til 9-ar- og til slutt ende opp på 11-arfotball ikkje er noko dumt. Det er klart at alle trenarar må vere bevisste på at spelarane må ha løpskapasitet om dei ein gang skal spele 11-arfotball.

– Rett veg å gå

Ørsta fotball har drøfta saka, men har ikkje kome med ein endeleg konklusjon. Likevel er dei positiv innstilt til 9-arfotballen.

– Her er det snakk om 13- og 14-åringar, og ofte vert det litt for stort å spele på ei 11-arbane og det vert mindre ballkontakt. Eg trur dette er rett veg å gå. Dette er mi personlege meining, men eg trur også at det er klubben si meining. 9-arfotball har også vore eit tema over tid, og det var også diskusjonar om dette i fjor, seier dagleg leiar Arnstein Sandvik i Ørsta fotball.

– Positivt innstilt

Sportsleg leiar Espen Viddal i VTI fotball seier at både er fordelar og ulemper med 9-arfotball, men Volda fotball er positiv til å prøve.

– Det som er bra med ei 9-arbane er at det vert meir ballkontakt. Eg er positiv til mykje ballkontakt, men samtidig så må det ikkje gå utover det som er fotballspelet. Det er mange som fell frå når det går 7-ar- til 11-arfotball, og det er trist. Om 9-arfotballen kan vere med på å demme opp fråfallet så er det veldig bra. Vi er positivt innstilt til å prøve. Vi ser meir og meir at ungane er gode på dei små detaljane som triksing og frispark, men ein må ikkje gløyme at det er eit lagspel, seier Viddal.