På Gamle Molde stadion var elevar som representerte heile fylket samla tysdag for fylkesfinalen i friidrett. Kvalifiseringa i skulecupen skjedde i Sykkylven tidlegare i år, og tre elevar frå Ørsta ungdomsskule representerte skulen på arrangementet. Maria Tamires Birkelandtok tredjeplassen i kule for 10.-klassingar. Anne-Marit Brautaset kom på førsteplass på 600 meter, og tok andreplassen på 60 meter. Arnstein Stokke sikra den fjerde medaljen til Ørsta med tredjeplass i kule.

– Det at vi har tre på pallen og fire medaljar er veldig bra. Trenden no er at det er fleire skular som er representerte i skulecupen. Det vert ei spissing mot Molde, og konkurransen er tøffare enn kva han var i fjor. Dei som var med hadde det kjempekjekt, og var stolte og kry. Vi vil halde fram med rekruttere inn til skulecupen i Sykkylven, og framleis vil dei som kvalifiserer seg få vere med i fylkesfinalen, seier kroppsøvingslærar Einar Myrold.