Opprykkskampen i 3. divisjon for herrar vart avgjort onsdag kveld då Bergsøy slo Ørsta/Volda 27–23.

Det var høg temperatur både på bana og benken under den viktige kampen mellom Ørsta/Volda og Bergsøy i Ørstahallen onsdag kveld. Med tilreisande publikum og mange heimesupporterar var det godt over 200 tilskodarar som heia fram sine lag.

Bortelaget tok leiinga i kampen, og starta med eit offensivt forsvar mot vertane. Bendik Bjerke skåra heimelaget sitt første mål, men utover i omgangen klarte Bergsøy å opparbeidde seg ei tomålsleiing. Det var to tente lag på bana, og det vart utvisingar begge vegar. Til pause var gjestene i føringa 11-8.

Avgjort

Bergsøy fekk ein god start på 2. omgang og etter fem minutt var dei i føringa 15–10. Gjennom omgangen veksla dei på å vere seks og sju mål føre Ørsta/Volda, og då kampen gjekk mot slutten var sigeren sikra. Ein siste sluttspurt frå heimelaget gjorde at kampen enda med 27-23-siger for gjestene. For Ørsta/Volda vart Bendik Bjerke toppskårar med sju mål.

– Vi var veldig gode i forsvar, men vi klarte ikkje å få det heilt til i angrep. Vi møtte eit 3-2-1-forsvar, og Bergsøy var veldig gode. Vi tapte for eit betre lag, og det er berre å ønske Bergsøy lykke til i andredivisjon neste sesong, sa Ørsta-trenar Björgvin Runarsson etter kampslutt.

Ørsta-trenar Björgvin Runarsson seier at det var angrepet som felte heimelaget, og at dei tapte for eit betre lag.