Med ei tropp på fjorten mann tok Hovdebygda turen til Hellesylt kunstgras onsdag kveld. Sunnylven/Stranda 2 stod med ein siger og eit tap på dei to første kampane, og Hovdebygda hadde same statistikken etter at dei slo Hasundgot 2–0 på heimebane førre veke. Bortelaget fekk ein god start på kampen, og etter tolv minutt sendte Øystein Hovden Hovdebygda i leiinga. 38 minutt ut i kampen dobla Yngve Trandal leiinga, og berre fem minutt seinare var Kjetil Kalvtn frampå med 3–0 skåringa. Dermed kunne Hovdebygda gå til pause med ei komfortabel leiing.

Sigeren aldri truga

I andreomgang tok det eit kvarter før bortelaget fekk teljande resultat. Kalvatn var igjen giftig framfor mål, og skåra sitt andre i kampen og sitt fjerde for sesongen. Berre fire minutt seinare punkterte Hovden kampen med sitt andre og Hovdebygda sitt femte for dagen. Sunnylven/Stranda 2 reduserte i det 70 minutt ved Leif Rune Tryggestad, men sigeren var aldri truga for Hovdebygda sin del og dei kunne juble for tre nye poeng.

– Nøgd med resultatet

Trenar Frode Tømmerbakk var godt nøgde med Hovdebygda viste i store delar av kampen.

– Resultatmessig er det veldig bra, og spelemessig er det periodevis bra. Det siste kvarteret av førsteomgang, og siste halvtimen av andreomgang er veldig bra for vår del. Då stemde bevegelsane og vi får ballen til å gå i laget. Vi dett litt ned første kvarteret av kampen og er dårlege, og vi gjer det same i starten av andreomgang. Alt i alt er det framgang frå kampen mot Hasundgot, og det som betyr noko no er at vi har to sigrar på rad, seier Tømmerbakk.

– Spennande kamp mot Vartdal

Hovdebygda ligg no på ein femteplass på tabellen med seks poeng etter to kampar. Det er jamt i femtedivisjon, og fem lag har seks poeng på sine to første kampar. Kommande torsdag, 16. mai, er det klart for lokaloppgjer for Hovdebygda når Vartdal gjestar Hovdebygda stadion. Vartdal-trenar Kenneth Nydahl har allereie utropt Hovdebygda til favorittar.

– Det vert ein spennande kamp og utfordringa for vår del å kunne stå kampen ut i 90 minutt. I eit lokaloppgjer finst det ikkje David eller Goliat. Det som tel er innsats, og dei som er villig til å blø for drakta og som har det sterkaste ynsket om å vinne kampen går sigrande ut. Vi kjem til å fokusere på å ha den rette innstillinga til denne kampen, seier Tømmerbakk.