Tinestafetten samlar mange elevar landet rundt til fysisk aktivitet, og arrangementet har vore ein suksess i Ørsta i fleire år. Komande tysdag er det klart for årets utgåve av Tinestafetten, og elevar frå sjette til og med niande klasse i Volda og Ørsta er no klare til dyst. Onsdag morgon nytta 8B og 8D ved Ørsta ungdomsskule gymtimen til å trene på den viktig vekslinga, og ikkje minst på 200 meter.

– Tysdag klokka seks må alle ta turen til Ørsta stadion og fylle opp tribunane. Tinestafetten er flott arrangement, og friidrettsgruppa legg ned ei stor innsats, seier kroppsøvingslærar Einar Myrold som saman med kollega Heidi Aambakk førebudde elevane på stafett.

53 lag påmeldt

I Tinestafetten er det åtte løparar på kvart lag, og etappane er på 200 meter. Totalt er stafetten på 1.600 meter, og publikum kan vente seg mange gode prestasjonar. I fjor var det 48 lag som var påmeldt, og i år er det 53 lag som stiller til start. Lokal arrangør er Ørsta IL i samarbeid med TINE og Norges Friidrettsforbund

Over 100.000 deltakarar

Tinestafetten er Norges desidert største idrettsmønstring for ungdom med i overkant av 100.000 deltakarar frå sjette til niande klasse. I løpet av 20 år har over ein million elevar sprunge stafetten, som vert rekna for å vere verdas største stafett. Tine har vore samarbeidspartnar til stafetten frå starten. Totalt er det 97.170 deltakarar på landsbasis, og i Møre og Romsdal er 50 prosent av alle skular representert.