Trønderane hadde god kontroll på kampen til ti minutt sto att, då vaknaKristine H.Vike og Volda.I første omgang var det heimelaget som styrte det meste dei første 20 minutta og hadde ei stund eitremålsleiing. På stillinga10-10 endra kampbiletet seg. Mange tekniske feil og svake avslutningar fråVoldaspelarane, gav Heimdal fleire billege kontringsmål . Dei kunne gåtil pause med 15-11 leiing.

Fem mål bak

I starten på andre omgang sto kampen lenge og vippa, med Heimdal tre-fire målføre.  Ti minutt før slutt såg detverkeleg mørkt ut for heimelaget som då var fem mål bak. Men takka vere godtforsvarsspel og godt keeperspel av Anita Gaarder, greidde Volda å kome påoffensiven att. Kristine H.Vike sto for ei fantastsisk avslutning på kampen.Gong på gong kom ho seg fri og fekk sett ballen i mål. Minuttet før sluttutlikna Kine Kvalsund til 22-22 på straffekast og kampen ebba ut med det.Mange gode perioder i kampen av Volda der keeper Anita Gaarder og Kristine H.Vikeer nemnt. Gode var også Maria Ulla og Kine Kvalsund.

To kampar att før jul

Det er tett kampprogram for damene no i julestria. Onsdag er det klart forlokaloppgjer mot Ålesund2 og laurdag er det ny bortekamp. Då går turen tilMolde der dei skal møte Træff.

Volda2 – Heimdal  22 – 22 (11-15)Volda: Anita Gaarder, Thea C.Håskjold, Maria Ulla 4, Kine Kvalsund 5, MariBuckholm,Tiril Eidset,Andrea Eikås 1, Rita Kristin Rise, Eileen B.Jensen,Birthe Urke, Kristine H.Vike 12.Toppskårar Heimdal: Thea Korsnes 6Utvisningar: Volda 1x 2min, Heimdal –ingenDomarar: Alf Furland / Arnold Jensen