Med strålande sol og varmt vêr var det god stemning både før start og etter målgang under årets Jentebølgen i Ørsta sentrum. Den gamle deltakarrekorden på 400 deltakarar vart også knust då nærare 540 stilte til start i den fem kilometer lange løypa. Som harar stilte ordførar i Ørsta Rune Hovde saman med Rune Sjurgard og Einar Vik Aarset, rådmennene i Volda og Ulstein. Det var også fleire av deltakarane som stilte i kreative kostymer, og etter målgang vanka det premiar for mange av deltakarane.

Sjå biletserie her

Ørsta Alpin stod som arrangør, og i arrangørkomiteen var ein veldig godt nøgde etter at årets arrangement var gjennomført.

- Det er fantastisk med deltakarrekord, og så må vi også rette ein stor takk til bedriftene i Ørsta som har vore gavmilde og gitt oss mange premiar, seier Sigrun Rekkedal Åmbakk.