Det yngla av fotballspelande og smilandeborn på grasmatta på Remen både laurdag og søndag. Grunnen var at fotballgruppai Vartdal Turn- og Idrettslag arrangerte fotballskule saman med Tine.Deltakarane var mellom 6-16 år, noko som er eit breiare spekter aldersmessigenn det som er vanleg når det vert arrangert slike skular.

Show

Laurdag hadde dei mykje gøy på programmet.Det var fotballkamp mellom borna og A-lagsspelarane. Kamp mellomA-lagsspelarane og dei som spelte på laget for 10- 15 år sidan. I tilegg tildette kunne borna få kaste svampar på dei vaksne spelarane.

- Vi måtte ha lunka vatn fordi det var såkaldt i lufta, fortel nokre av arrangørane.

Labb og Line frå Sparebank1 var også påplass for å skape god stemning, noko dei gjorde.

Trening og moro

Søndag var borna og ungdommane delte opp igrupper, og fekk opplæring av kvar sine trenarar frå A-laget. Det var òg tid for moro og leik. Deltakarane fekk mellom anna  sparke fotballar i baken på A-lagsspelarane.Noko som var populært, i alle fall mellom borna.

Mat i teltet

Begge dagane var det matøkt i partyteltet.Søndag var det  sjokolademjølk frå Tineog brødskiver med fårepølse og sjokolade, pluss frukt som sto på menyen.

I kiosken sto foreldra og steikte vaflarog kaffi, for dei som hadde behov for det.

Førebilde

Fotballskule har dei i fotballgruppa i VTIkvart år. I helga gjekk den av stabelen for 10. gong.

- Kvifor brukar de A-lagsspelarar sominstruktørar?

- Det er fordi dei er dyktige, og fordiborna då får nokon å stekkje seg etter, seier Siri Dahl Masdal som sit i styretfor fotballgruppa. Ho fortel at nesten alle frå A-laget er med som trenarar.

Dugnad

Fotballgruppa er veldig opptekne av atpåmeldingsavgiftene skal vere så låge som råd, slik at pengar ikkje skal hindrefolk i å melde på borna sine.

- Vi har fått støtte frå Sparebank 1, fåttbagar og fotballar frå Tine, og bollar frå Westre Bakeri, elles er forelda jamtover flinke til å stille på dugnad, fortel Siri.

- Kvifor er det så stor oppslutning omfotballen her på Vartdalsstranda?

- Grunnen er vel at vi har eit godt miljømed engasjerte foreldre og tillitsvalte. Alle dei som er med får spele, og vihar eit godt samhald. Dersom vi skal få til noko her må vi gjere alt sjølve,seier leiar for VTI, John Helge Bjørdal.