Før pause var det trønderane som var best  og særleg i kontringsfasen var laget giftig. Etter at laga hadde følgt kvarandre til 6–6, stoppa det opp for heimelaget. I ei periode blei det for mange svake avslutningar og tekniske feil. Dette utnytta Ranheim svært godt og gav Volda ein leksjon i kontringsspel. Seks mål på rad i ei ti minuttsperiode sende sjokkbølgjer gjennom eit Voldalag som sleit i angrep. Det  betra seg litt heilt på tampen av omgangen, og ved pause var heimelaget berre tre mål bak.

Trenar Alfred Finnsson  hadde nytta pausepraten godt. Etter kvilen kom Voldaspelarane på bana med meir senka skuldrer. Laget spelte disiplinert og godt  i etablert forsvar  og framover på bana var utteljingsprosenten høgare enn i første omgang. Laget kom à jour på 18 -18. Derifrå og ut seig heimelaget sakte ifrå og leia på det meste med seks mål. Ranheim fekk til nokre flotte kontringsmål i sluttminutta og fekk redusert tapet til tre mål.

Ei god seriepremiere av Volda trass sjukdom og skader i troppa. Heile laget stod på og jobba for kvarandre.  Runa Vik spelte seg stort opp i mål utover i kampen. Linn Berg var glimrande på venstrekanten. Strekspelarane Marte Øvreeide og Stine J. Andersen jobba godt gjennom heile kampen. Eva Bjørk var stor som speleoppleggjar utover i andre omgang.

Kampfakta

Volda – Ranheim   29 – 26 (13 – 16)

Voldahallen: 220tilskodararVolda: Runa Vik, Inger Volden, Malene Aambakk 6, Linn Berg 5, Elena Dale,Kristine Håheim Vike 3, Aukse Vysniauskaite 4, Eva Bjørk 4, Anna Krumsvik 1,Marte Øvreeide 4, Stine J.Andersen 2, Toppskårar Ranheim: Siv Beate Sæterhaug 10Utvisningar: Volda 3 x 2 min, Ranheim 2 x 2 minDomarar: Antoni Vike Danielsen / Morten Berge Digernes.

Malene Aambakk vart Volda sin toppskårar med seks mål. Her jublar ho for ei viktig skåring i sluttminutta. Foto: Ove Krumsvik
Eva Bjørk var solid som speleoppleggar og leverte ein god kamp. Foto: Ove Krumsvik