Fleire lag i 3. divisjon har uttrykt stor frustrasjon med avdelingsoppsettet for komande sesong, og årsaka er reiseavstandar. Tertnes har hamna i avdeling med lag frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, og har vurdert å trekkje laget sitt. Måndag kveld samla støtteapparat og spelargruppa seg for å diskutere situasjonen, og til Sunnmørsposten seier sportsleg leiar Pål Nielsen at det vart vedteke å melde på lag i 3. divisjon. Dermed trekk dei truleg ikkje laget sitt.

– Truleg gjer vi ikkje det, men det vert nok eit veldig ungt lag vi må stille med. Det er ikkje mange av våre etablerte spelarar som vert med på dei mange sunnmørsturane våre, seier Nilsen.

Det er også bestemt at Tertnes skal ha eit nytt møte i midten av desember ifølgje Sunnmørsposten.

– Viss vi ikkje får med oss ein dei «vaksne» spelarar, også på bortekampane, kan dette verte håplaust for oss. Det vert ein sesong med ryggen mot veggen.

Arna-Bjørnar er det andre laget frå Hordaland som har hamna i avdeling med lag frå Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Klubben har sendt ei krass tilbakemelding på avdelingsoppsettet til NFF, medan Tertnes har sendt ein formell protest på oppsettet. Arna-Bjørnar har likevel bestemt seg for å stille lag i 3. divisjon.

Elnesvågen vurderer også å trekkje laget sitt, og skulle diskutere framtida i møte måndag kveld. Om eitt eller fleire lag trekk seg frå 3. divisjon vil truleg Volda få tilbod om plass i divisjonen. Om Volda skulle få tilbodet og takke ja, vil også Åmdal halde plassen sin i 5. divisjon.