Det vart ein runde som gjekk Vartdal sin veg i femte divisjon laurdag. På bortebane sikra Vartdal seg ein 6-2-siger over Ørskog. Det var lenge ein jamn kamp, før Vartdal slo til mot slutten av kampen og sikra seg ein komfortabel siger.

Samstundes spelte Åmdal mot Stordal på Legene. Stordal er laget som Vartdal kjempar i mot i opprykkskampen. Åmdal vann 4-2, og dermed er Vartdal berre to poeng bak Stordal. Vartdal har to kampar att å spele, og Stordal berre ein. Dermed er alt i Vartdal sine hender no. Vinn laget sine to siste kampar, er opprykket i boks.

Vartdal skal i sine to siste kampar ha Hasundgot borte og Ravn heime. Stordal møter Åram/Vankam på Eidsåvoll.

Sæbø spelte også laurdag. Laget sjokkopna med å ta leiinga etter femti sekund mot Åram/Vankam på Sæbø stadion, men gjestene slo tilbake, og vann fortent 4-2.