– Det var ein bra siger i ein tøff og vanskeleg kamp. Vi spelte godt i forsvar, men hadde litt problem i angrepet. Alt i alt så er eg nøgd med kampen, og spelarane sluttar aldri å jobbe, seier trenar Björgvin Runarsson.

Til kampen mot NTNUI Handball 3 hadde Ørsta/Volda fått på plass Tom Slenes og Håkon Andreas Brevik.

– Begge spelte bra. Ådne Vassbotn vikarierte i mål for oss, og gutane er sterke no. Det var ein lagsiger, og eg er imponert.

Bergsøy vann også over NTNUI i helga, og dermed er det uendra i toppen av 3. divisjon. Begge lag har like mange poeng, men Ørsta/Volda har ein kamp meir spelt.

– Vi møter Sverresborg komande laurdag, og etter dette startar førebuingane til Bergsøy-kampen. Vinn vi dei tre siste kampane av sesongen har vi mulegheit til å rykkje opp. Det var mitt mål då eg flytta til Ørsta.

Runarsson håper at mange vil møte opp i Ørstahallen til helga.

– Ørsta/Volda er heilt i toppen, og folk må kome og heie oss fram.