Laurdag 30 desember vart det arrangert krinsrenn i sprint på Tomrefjellet i Tomrefjord. Dette var og tredje renn i krinscupen Sparebanken Møre-cup. Dei aller yngste konkurrerte i skicross, ei sprintløype med ulike utfordringar i form av kular, hopp og slalåmportar.

Til saman deltok 9 løparar frå Hovdebygda IL, og av desse reiste seks heim med pallplass. Best av alle var Vegard Røyrhus som var raskast i prologen, i kvart- og semifinalen og til slutt også i finalen. Vegard går no i eldste juniorklasse og flytta i haust til Lillehammer for å kunne satse på langrenn kombinert med studiar. Han representerer framleis Hovdebygda IL og viste med rennet laurdag at han er godt i rute før årets sesong.

Komande helg deltek han i sesongens første store mål når dei beste juniorane i landet møtest til noregscup på Beitostølen.

Dag Jarle Aa, Hovdebygda IL langrenn

God deltaking: Ni løparar frå Hovdebygda IL langrenn tok del i Romjulssprinten på Tomrefjellet laurdag 30. desember. Foto: Hovdebygda IL langrenn Foto: Hovdebygda IL langrenn