I samarbeid med Volda kommune, eigarane av Rolls-Royce bygget, Studenthuset Rokken og Fjord1 vil delar av Volda sine sentrale gjennomfartsvegar vere stengt under X2-festivalen. I samband med gjennomføringa av Xboard vil fleire vegar vere stengt medan det er løparar i løypa. I år vil ein også utvide festivalområdet ved Rokken med m.a. bartelt og mattelt. Vegen mellom Rolls-Royce bygget og Rokken vil då vere stengd. Ved å utvide festivalområdet vil ein har plass til 1.300 gjestar, og onsdag ettermiddag vert telta sett opp.
– Meininga er at du ikkje skal kunne kjenne deg igjen inne på Rokken, og telta ute skal m.a. gjerast om til loungar ved bruk av sakkosekker frå Sacco, seier X2-festivalen sin festansvarlege, Josephine Elise Schøyen.
– Kan møte pågangen
Det vil også vere eit aktivitetsområde med utfordringar som m.a. Bungy Running på festivalområdet, og utsalstelt knytt til ekstremsport. Konsertprogrammet er også tett under årets festival med namn som Dudes og Valentourettes som spelar fredag kveld. Under premieutdelinga laurdag kveld vil X2-deltakarane ha ein eigen VIP-lounge inne på Rokken, og Nico D vil stå for underhaldninga.
– Vi er i rute før festivalen, og det vert X2 på same vis som tidlegare berre at det i år ikkje vert noko problematikk med at folk ikkje kjem seg inn. No treng vi ikkje å vere redd for at det vert fullt, og vi reknar ikkje med at det vert meir enn 1.300 personar kvar kveld. I år kan vi møte pågangen, seier festivalsjef Eirik Vaage.
Håpar på godt vêr
Snøfallet i påska har også vore til hjelp for tindebestigninga og frikøyringa, og desse konkurransane vil truleg gå av stabelen som planlagt.
– Vi har aldri hatt så mykje snø som no under X2, så det er rekord for oss. No kryssar vi fingrane for opplett. X2-festivalen er ein vêravhengig festival, og for vår del har det nesten alltid vore overskya under festivalen. Men vi tek imot alt vêr med godt mot, seier Vaage.
Fredag startar kvalifiseringa til frikøyringa, og det vil også vere gjennomgang av bana til Xboard i Volda og Rossåa i Ørsta. I tillegg vert det beachvolley turnering på Årneset. Laurdag vert fullpakka med aktivitet frå morgon til kveld. Kvalifiseringa til Xboard, som i år er Norgescup, startar klokka ti. Ein time seinare startar Xtind, og semifinalane i Xfree startar klokka tolv. Klokka tre starter finalane for elvepadlarane og frikøyrarane, og ein time seinare er det klart for finalane i Xboard. Laurdag vil det også vere turnering i beachvolleyball.
Big Jump
Eit nytt element i Skåla i år vert Big Jump. Med trakkemaskin frå Bondalseidet vil ein lage til dette, og vil gjennomføre ei opa konkurranse.
– Trakkemaskina vert frakta ned onsdag kveld, og så startar vi å bygge hoppet. Dette vil verte ein slags jam der ein kan køyre fritt i ei viss periode, og så vil vi ha ei superfinale mellom semifinalen og finalen i frikøyringa. Dette er planen, og så får vi sjå kor mange som vil vere med. Vi oppfordrar spesielt unge personar til å vere med, seier Terje Stokke som er ansvarleg for frikøyringa.