Sidan det ikkje er klubbar for undervassrugby i nærleiken, pendlar ho til Moa for å trene med Ålesunds-spelarar. Sjølv spelar ho på Molde. Nyleg vann Molde-klubben seriemeisterskapen og i slutten av april står noregsmeisterskapen i Bergen for tur. I november vert det Championsspel i Berlin for Frida og lagvenninnene hennar.
– Mannen min Sverre er fjellførar og kjem frå Førde, og vi flytta til Ørsta fordi det er flott natur her og gode høve til å få seg jobbar. Eg tok farmasøytutdanning i Sverige og arbeider no ved apoteket i Ørsta, fortel Frida Gillberg.
Allereie som 14-åring byrja ho å spele undervassrugby. Denne sporten går føre seg i fleire dimensjonar. Her må ein tenkje på både høgde, djupne og vatn. Målet som ein skal skåre på, er ein stad mellom 3,5 meter og 5 meter under vatn. Det er fleire dommarar både på land og i bassenget under kampane, slik at det vert halde godt oppsyn med kampsituasjonen.
Allsidig idrett
I denne sporten må ein vere god på vekslingar og raske skifte. Ein må veksle mellom å halde pusten og kunne ha eksplosive krefter og sjølvsagt vere glad i vatn. På kvart lag har vi 15 spelarar. Seks spelarar er i vatnet og seks er på benken og så kan ein bytte ofte. Undervassrugby er ein del av Norges Sportsdykkerforbund, slik at dei som eventuelt er interessert i å vite meir om idretten, kan gå inn på heimesida deira.
Det var hjå Felix Dykförening (www.felixdf.net) i Göteborg at Frida byrja med undervassrugby. Klubben har i dag medlemer frå tenåra og opp i 50-åra, og har lag i juniorklasser og dame- og herrelag. Undervassrugby krev eit minimum av utstyr. I tillegg til symjedrakt har spelarane dykkarmaske, snorkel og symjeføter. For å kunne sjå skilnad på dei to laga sine spelarar, brukar det eine laget kvite badehetter og det andre blåe. Desse hettene er også utstyrt med øyrevern.
Denne sporten er ikkje ein dyr sport samanlikna med mange andre. Sjølvsagt er det skilnad i kostnader om du skal drive på toppnivå eller på hobbybasis, men overkommelege prisar likevel same kva nivå du er utøvarar på.
Grunntrening og høgintervall
Undervassrugby er ein av Norges Dykkerforbund (NDF) sine tre konkurransegreiner. Sporten vert utøvd av sportsdykkarklubbar over heile landet. CMAS arrangerer europameisterskap og verdsmeisterskap. Spelet skjer på tvers av den djupe delen av eit tradisjonelt innandørs 25 meters basseng.
Alle som driv med idrett, bør ha ei eller anna form for grunntrening. For å drive med undervassaktivitetar, er det lurt å drive med høgintervalltrening i tillegg til grunnleggjande kondisjonstrening. Her i området vårt kan det vere å ta seg ein fjelltur, sykle eller gjere noko anna inne eller ute. Vanlegvis reiser eg til Moa to gongar i veka og spelar saman med herrane og damene ifrå klubben i Ålesund. Den timen det tek å reise til og frå Moa, nyttar eg til lydbøker og no i påska vert det påskekrim eg set på spelaren.
Tek gjerne med haikarar ...
Både i Ålesund og på Molde er det kjempeflott miljø i undervassrugbyklubbane. Det er positive folk, det er sosialt og det er berre for interesserte ørstingar å ta kontakt med meg, så skal de få haik altså, understrekar Frida Gillberg.
Ho vil gjerne at fleire skal oppdage alle gledene ved denne sporten. Rugbyklubben i Ålesund har ei eiga heimeside, og det offisielle klubbnamnet er Sunnmøre Rugby.
– Vi har det moro og det er ein utruleg gjevande sport. Her kan unge og gamle halde på med same idretten, og anten du er tynn eller kraftig har du føremoner når det gjeld rørsler i vatnet. Samstundes er denne sporten ein mild sport med tanke på slitasje for kroppen, slik at det er ein fin aktivitet for veldig mange, seier svensken.
Etter å ha delteke i fleire nasjonale tevlingar, ergrar det henne litt at ho har måtta lære seg den norske nasjonalsongen. For – dessverre for henne – har Sverige tapt fleire kampar mot det norske landslaget.
Vi som spelar på same lag, utviklar etter kvart eit eige teiknspråk under vatn. Vi les kvarandre og ser når det kjem tempovekslingar der vi må følgje på. Elles er trenaren på land også flink å dirigere oss. Vanlegvis varer kvar omgang 15 minutt og det er to omgangar i kvar kamp. I kampsituasjonane er det veldig fortetta handling under vatn. Viss eit urutinert lag møter eit rutinert lag, kan målskilnaden verte 20. Elles med jamne lag, treng det ikkje vert meir enn 1–3 mål på kvart lag.
VM-sjåar i fjor
I august i fjor vart det verdsmeisterskap i undervassrugby. På damesida spelte Noreg mot Sverige. Frida visste ikkje heilt kven ho skulle heie mest på då ho følgde med frå heimebane. Klubbvenninna Amanda Barsten frå Molde-laget avgjorde finalen og skåra eit mål då det stod att tre minutt av kampen.
Det var fascinerande å sjå Amanda lage sigersmålet. Det er mange landslagsspelarar både på herresida og på damesida som kjem frå Molde, slik at moldespelarane held eit høgt nivå. Då EM vart arrangert i Italia for nokre år sidan, spelte eg på det svenske landslaget, og då tapte vi for Tyskland. For oss var det greitt, fordi vi tapte for eit betre lag. Undervassrugby er «världens bästa sport» og eg skjønnar ikkje at ikkje alle vil halde på med denne sporten! Avrundar svensken som let seg fascinere av vatn, fjord, fjell og dette med å vere ein lagspelar både på land – og i vatnet.