Sæbø vann 4-3 over Sunnylven på Sæbø stadion torsdag kveld. Etter ei skrekkeleg opning, der laget låg under 0-2 etter tolv minutt, vart det heile snudd til siger og tre poeng.

- Det var godt å sjå at det ikkje var naudsynt å ha meg på bana. Men det er forferdeleg å vere på sidelina og vite at ein ikkje kan medverke ute på bana, seier spelande trenar Terje Haugen Øye. Han hadde karantene etter å ha fått raudt kort i førrre kamp.

Svekt Sæbø

Heller ikkje den andre spelande trenaren, Yngve Frøland, kunne spele. Han har vore skadd sidan kampen mot Vartdal.

Dermed var det i utgangspunktet eit svekt Sæbø-lag som møtte formlaget Sunnylven. Det såg ei stund ille ut.

0-2

Sunnylven fekk to mål før det var gått tolv minutt. Begge kom etter frispark frå distanse.

Gradvis tok Sæbø tak i kampen. Laget byrja å produsere sjansar.

Moltu

Svein Ivar Moltu reduserte for Sæbø etter tjuefem minutt. Han kom åleine igjennom, runda målvakta, og sette ballen i ope mål.

Fem minutt før pause vart det 2-2. Sæbø braut eit Sunnylven-angrep, og på fire trekk vart det mål. Lars Urke var sistemann på ballen etter ei pasning frå Moltu.

I føringa

Moltu var nær ved å gje Sæbø leiinga eitt minutt ut i andre omgang, men skotet frå kloss hald gjekk rett på Sunnylven-målvakta.

Sju minutt ut i omgangen tok Sæbø leiinga. Lars Urke kom opp på sida og la inn i feltet. Etter litt fram og tilbake fekk Sindre Sandbakk klem på ballen, og skåra frå femmeterstreken.

Etter dette hadde Sæbø ei rekkje sjansar, men vart etter kvart tafatte. Likevel, eit kvarter før ordinær tid var ute, vart det 4-2. Igjen kom Moltu åleine igjennom, og sette ballen forbi Sunnylven-målvakta og i mål.

Redusering

Sæbø vart pressa mot slutten. Eitt minutt før slutt reduserte Sunnylven - igjen vart det mål på frispark.

Dommar Magne Jonny Krumsvik la til tid for fleire innbyte, og i tilleggstida var det hektisk framfor Sæbø-målet, men utan at det vart skapt store sjansar. Dermed vart det tre viktige poeng til Sæbø.

Tabellen