Med Vartdal sitt 0-1-tap for Hasundgot laurdag var Åmdal avhengig av siger i siste kamp mot Vigra om det skulle vere håp om spel i 5. divisjon også neste sesong. I tillegg måtte Hovdebygda tape.

2–1 til pause

Heimelaget opna kampen best, og la press på Vigra. Både Kai Robin Myklebust og Svein Erik Grevsnes kom til gode sjansar, utan at det vart mål. Etter 25 minutt enda ballen i beina på Andre Følsvik på 16 meter, og han sendte Åmdal i føringa. Seks minutt seinare fekk Vigra tildelt straffespark, som Adrian Rørseth sette i mål. Heimelaget jakta skåring i avslutninga av omgangen, og fire minutt før pause lukkast dei. Simon Gjøen fekk vende opp midt i bana, og sette inn 2-1-målet. Dette var stillinga til pause.

Store sjansar begge vegar

Andreomgang opna jamt, men med eit initiativ til Åmdal. Det var likevel Vigra som var nærast skåring med ei avslutning i tverrliggjaren. Utover i omgangen var Myklebust igjen nære skåring, men målvakt fekk slått til hjørnespark. Ei avslutning frå Grevsnes vart redda på streken, og Gjøen heada like over på det påfølgjande hjørnesparket. Vigra var heller ikkje ufarlege, og målvakt Adrian Hoff hadde fleire gode redningar mot slutten av kampen. Då dommaren blåste av kampen kunne Åmdal spelarane juble. Med HIL-tap i Langevåg var ny kontrakt i 5. divisjon sikra.

– Godt nøgde

– Dette var kjempegodt. Eg føler at vi i heile år spelt betre fotball til å fortene å vere i nedrykkskampen. Vi fekk dårleg betalt mot Vartdal i førre kamp, og sjansemessig fekk vi dårleg betalt mot Vigra med, men vi vinn 2–1. Det er klart at då dei slår langt på slutten kan det verte sjansar, og Adrian Hoff hadde nokon gode redningar på slutten. Men vi hadde dei største sjansane. Eg er godt nøgde med at vi fekk like mykje poeng i haust som i vår, seier spelande trenar Svein Erik Grevsnes.