Ørstajenta sikra seg gull i landskampen i friidrett i Tammersfors i Finland laurdag.

Eikrem Engeset har 1.500 meter som hovuddistanse, men valde 3.000 meteren i Finland. Slutttida viste 9.20, og ein overlegen siger.

- Eg kjenner det litt i beina etter NM i Stangehallen førre helg. Beina var ikkje som dei skulle vere. Eg måtte jobbe hardt undervegs, kommenterer ho til friidrett.no

Under NM sikra ho seg gull både på 1.500 meter og 3.000 meter.

- No ser eg fram til neste helg. Då startar ein to vekers treningsleir i Kenya, fortel ho.