Tjørvåg er første motstandar for Sæbø på bortebane i årets sesong. Frå stallen i fjor er nokre spelarar vekk, og nokre nye er på plass. Sæbø har og fleire unge spelarar som er i ferd med å ta steget opp på a-laget, men til første serierunde er det eit litt svekka Sæbø-lag som stiller til kamp.
– Til kampen mot Tjørvåg manglar vi åtte spelarar, og normalt sett ville seks av desse starte, seier Emile van Embden som saman med Yngve Frøland trenar Sæbø denne sesongen.
– M.a. manglar Sindre Sandbakk og Espen Frøland som er faste på midtbana vår, og difor vert det ein del omrokeringar i laget, seier Frøland.
Forventar å vere i toppen
I fjor stod Terje Haugen Øye, no Volda, for hovudparten av måla som Sæbø skåra. I år håpar ein at Svein Ivar Moltu vil markere seg i angrepet.
– Det er klart at vi kjem til å sakne Haugen Øye i angrepet, men eg meiner at vi har eit godt lag, seier van Embden.
Av enkelte har Sæbø vorte utpeikt som favorittar i avdelinga, og klubben har ambisjonar om å vere med i toppen.
– Eg forventar at vi skal vere blant dei tre til fire beste laga, og at vi skal vere i toppen. Likevel trur eg ikkje vi vil verte skuffa om det ikkje skulle verte opprykk, seier van Embden.
– Kva slags lag peikar seg ut i avdelinga?
– Eg trur at Åmdal vert vår største konkurrent, og dei har slått oss to gonger i treningskampar i år. Tjørvåg gjorde også ein god sesong i fjor, så det vert ei tøff opning for oss, seier van Embden.
– Det er vanskeleg å peike ut nokon favoritt då vi ikkje veit noko særleg meir enn det vi har sett i treningskampane, seier Frøland.
– God mix
Til kampen mot Tjørvåg vil fleire unge spelarar vere med i troppen.
– Det at vi manglar ein del spelarar til kampen i morgon trur eg vil jamne seg ut mellom laga utover i sesongen. Vi har eit lag med ein god mix av rutinerte spelarar og unge spelarar som er på veg fram, og det er viktig, seier Frøland.
Gjennom oppkøyringa har Sæbø fått spelt ein god del treningskampar både mot lag frå sjette divisjon, og lag i høgare divisjonar. Likevel skulle ein ynskje at ein hadde fått trena enno betre.
– Det var fine tilhøve på grusbana på Sæbø, men så kom snøen. Vi har hatt nokre treningar på kunstgras i Hovdebygda, men ideelt sett har ikkje oppkøyringa vore slik som kunne tenkt meg, seier van Embden.
Første heimekamp for Sæbø vert kommande fredag når Hareid 2 er motstandar.