Sæbø tapte måndag kveld 3-5 for Herd2 på Moa-kunstgraset. Med tapet må mykje klaffe for at Sæbø skal berge plassen i femte divisjon.
Sæbø opna best mot by-laget, og tok leiinga etter seks minutt ved Terje Haugen Øye.
Herd kom sterkare utover i omgangen, og skåra to gonger. Ved pause var stillinga 2-1 til heimelaget.
Herd2 opna også andre omgang best, og gjekk opp til både 3-1 og 4-1. Då vakna Sæbø.
Sæbø tok over spelet, og Svein-Ivar Moltu viste seg å verte ein farleg man for gjestene. HHan reduserte både til 2-4 og 3-4.
Då fekk Sæbø blod på tann, og satsa alt på ei utliking. Då skjedde det som ofte skjer i slike situasjonar, nemleg at det opnar for kontringar.
Herd2 kontra inn 5-3, og avgjorde kampen.
Sæbø har no tre poeng opp til Vigra og Herd2. Sæbø må forbi begge desse laga for å vere sikker på ny kontrakt. Det vil seie at Sæbø truleg må vinne alle dei attståande kampane for å ha ei mulegheit.
Tabellen kan du lese her.