Etter å ha hatt spelefri førre runde tok Hovdebygda/Volda 2 turen til gjennom Eiksundtunnelen for å spele mot Hasundgot. Heimelaget låg nest sist på tabellen i femte divisjon, medan Hovdebygda/Volda 2 kunne gå forbi Åheim igjen. Det skulle vise seg at det var lite som stemte for bortelaget i denne kampen, og til pause var Hasundgot i føringa. I andre omgang auke heimelaget til det stod 4–0. Håvard Kårstad sette inn eit trøystemål for bortelaget, men det var Hasundgot som kunne ta med seg poenga frå kampen.

– Dårleg kvalitet

Trenar Vagn Scheide Mork var på ingen måte nøgd med det laget viste mot Hasundgot.

– Det var forferdeleg dårleg. Tidlegare har vi på ein måte vore stolte over innsatsen som spelarar har lagt ned, sjølv om det ikkje har vorte poeng. Slik var det ikkje denne gongen her. Det var dårleg kvalitet på det vi gjorde i store delar av kampen. Ein vinn ikkje kampar utan å vere på tå og hev, og gjere ting enkelt og rett, seier Scheide Mork.

– Dette var med andre ord eit steg tilbake frå det laget har vist tidlegare i år?

– Eit enormt steg.

– Ikkje noko slaraffenliv

Den einaste spelaren som trenaren meiner gjorde ein godkjent innsats var målvakt Marius Lerberg.

– Eg trur ikkje spelarane forstod alvoret, og vi vart rundspelt i store delar av kampen. Vi hadde eit kvarter i andre omgang der vi var brukbare, seier Scheide Mork.

Kampen mot Hasundgot var den siste før ferien for Hovdebygda/Volda 2.

– Det vert ei veke fri no, og så på igjen for fullt. Så det vert ikkje noko slaraffenliv. Vi satsar på å heve oss til neste gong, og vi er meir enn gode nok for å vinne kampar i femte divisjon, seier Scheide Mork.