– Vi har nokre usikre kort til kampen laurdag, men vi håpar og trur at dei aller fleste skal vere klare. Truleg kan vi bort i mot velje fritt frå stallen til kampen laurdag. Om det er spelarar som ikkje vert klare til første kampen, så skal dei vere klare til onsdag, seier Terje Haugen Øye som har trenaransvaret for Sæbø saman med Yngve Frøland.

– Fokus på det vi vil og kan

Sæbø vann si avdeling i sjettedivisjon klart føre Hareid 2. Dermed skal laget spele om KM-tittelen, og motstandar er Ørskog som vann den andre avdelinga. Ørskog vann femten kampar og gjekk på eit tap i sjettedivisjon, medan Sæbø vann elleve og tapte tre. Truleg er det to jamne lag som møtast i kampen om KM-tittelen. På seksten kampar har Ørskog skåra 67 mål, og sloppe inn 22. Sæbø på si side skåra 62 mål på fjorten kampar, og har sloppe inn 25 mål. Sæbø veit ikkje kva slags motstand som ventar dei i Ørskog, og konsentrerer seg om eigne oppgåver.

– Vi har ikkje peiling på kor gode Ørskog er, og vi har ikkje gjort noko for å finne ut av det heller. Eg er veldig likgyldig til kva dei gjer og kan, og vi har fokus på det vi vil og kan. Visst vi leverer to kampar opp mot vårt beste så skal Ørskog få det tøft. Men vi må nok spele opp mot vårt maksnivået for vinne.

Vil spele på Sæbø

Det er framleis litt usikker om det vert gras eller grus som underlag til den første KM-kampen, men kampen vert ikkje flytta frå Sæbø.

– Vi skal få bekrefta frå grasnemnda om vi kan bruke grasbana laurdag, og viss det ikkje går vert det gruskamp. Vi vil uansett spele heime på Sæbø, seier Haugen Øye.

Målsetjing om KM-tittelen

Sæbø hadde ei målsetjing om å rykkje opp til femtedivisjon i år, og den målsetjinga er nådd. No ynskjer dei også å ta KM-tittelen.

– Vi har eit mål om å ta heim KM-tittelen. Dette var allereie nemnt i januar eller februar, og det har vore ein del av målsetjinga denne sesongen. No får vi to kampar ekstra denne sesongen, og sidan vi berre har spelt fjorten kampar i år så er det glimrande at sesongen vert litt forlenga.

– Alle er hjerteleg velkomne

No håper Sæbø at mange vil møte opp laurdag for å gje heimelaget ekstra støtte i første kamp om KM-tittelen.

– Vi håper heilt klart på at mange Sæbø-supporterar kjem, og det er også lov for andre å ta turen. Alle er hjerteleg velkomne. Vi er godt nøgde med støtta vi har fått i år, og vi er positivt overraska over oppmøtet. Vi har også sett at det har vore supporterar på bortekampar, og spesielt på bortekampen mot Hareid 2 var det ein del som tok turen.

Haugen Øye sjølv er ein av spelarane som har vore ute med skade, men han skal vere klar til laurdag. Returoppgjeret mot Ørskog vert spelt 23. oktober.