Kampen mot Åheim søndag var ein nøkkelkamp for Hovdebygda. Med siger ville dei klatre vekk frå den usikre åttandeplassen, og passere både Hasundgot og Åmdal. I tillegg ville Hovdebygda revansjere seg for tapet på bortebane i vår. Sjølv om Åheim hang brukbart med i banespelet var det heimelaget som var det beste laget. Kjetil Kalvatn ordna HIL-leiing etter to minutt. Ni minutt ut i kampen dobla Øyvind Dalseth leiinga. Kalvatn sette inn sitt andre dagen etter 29 minutt, og fem minutt seinare ordna han 4–0 med sitt sekstande mål for sesongen. Dermed gjekk vertane til pause med ei komfortabel leiing.

To mål i andreomgang

I andreomgang heldt heimelaget fram med å skape sjansar, men halve omgangen skulle gå før det vart utteljing. Kalvatn drog seg fri i feltet, og avslutta i stonga. På returen var Skjalg Digernes på rett plass og sette ballen kontant i mål. Ti minutt før slutt slo Robert Roseth hardt inn frå høgre, og Arill Andre Aam fastsette sluttresultatet til 6–0.

– Poenga var det viktigaste

Med siger i nest siste kamp for sesongen sikra Hovdebygda seg tre viktige poeng om å unngå den usikre åttandeplassen i femtedivisjon.

– Poenga var det viktigaste i dag,  i tillegg til å gå ut av denne kampen med ei god kjensle etter siger og mykje godt ballspel. Vi kunne sikkert ha skåra det doble, og vi burde hatt det doble, men det er ikkje det viktigaste. No er det fokus mot Langevåg-kampen, og vi reiser dit for å vinne. Eg er nøgd med det vi presterte. Vi mangla motoren vår på midtbana, Terje Skrede, i dag, men dei som var her leverte bra, seier HIL-trenar Frode Tømmerbakk.