– Vi kan stadfeste at det har kome inn ein protest som går på at Åmdal skal ha nytta ein spelar som ikkje er speleklar. Ettersom saka framleis er under handsaming vil det ikkje verte gitt ytterlegare kommentarar no, seier dagleg leiar Bjørn Oskar Haukeberg i Sunnmøre fotballkrins til Møre-Nytt.

Klart regelverk

Den aktuelle spelaren er Adrian Hoff som kom frå Stordal i slutten av mai, og som Stordal også offentleggjorde hadde gått til Åmdal på sine heimesider. For Åmdal har Hoff både vore brukt som målvakt og utespelar i fleire kampar, og var god for Åmdal i den siste og avgjerande kampen mot Vigra. Sunnmøre fotballkrins handsamar no protesten. Regelverket for å nytte ein spelar som ikkje er speleklar er ganske klart. I dei kampane eit lag har nytta ein spelar som ikkje er speleklar skal kampen reknast som tapt, med mindre særlege forhold tilseier noko anna. Motstandaren skal tilkjennast tre poeng, og kampresultatet skal setjast til 3–0. Om særlege forhold ligg føre, kan resultatet i kampen verte halde oppe eller kampen må spelast på nytt.

Åmdal rykkjer ned med poengtrekk

Om krinsen kjem fram til at Åmdal har nytta ein spelar som ikkje er speleklar, og gjev Åmdal poengstraff, vil laget rykkje ned frå 5. divisjon. Hovdebygda vil passere Åmdal på tabellen, og spele i 5. divisjon også neste sesong. Når det vil liggje klart eit vedtak er uvisst. Krinsen opplyser at det kan ta nokre dagar, men om saka krev dokumentasjon og utgreiingar vil det ta lenger tid.

Det har også versert rykte om at ein liknande protest skal ha vorte lagt inn på Hasundgot, men Sunnmøre fotballkrins opplyser til Møre-Nytt at dei ikkje har teke imot ein formell protest mot denne klubben.