– Dette var heilt fortent og det er så herleg å avslutte vårsesongen med ein siger. Eg trur ikkje Blindheim har ein einaste målsjanse i kampen, og det er veldig bra mot topplaget i divisjonen. Vi går ut og gjer den jobben vi skulle gjere, seier Hovdebygda-trenar Kenneth Nydahl.

Hovdebygda fekk ein viktig siger bort mot Volda 2 i førre serierunde. I siste seriekamp før sommarferien gjesta Blindheim Hovdebygda stadion. Bortelaget låg på toppen av tabellen i 5. divisjon og ville sikre leiinga ned til Skodje før fotballpausen. Hovdebygda på si side jakta tre poeng og låg føre seg på tabellen.

Det første kvarteret av kampen skjedde det fint lite framfor måla til begge lag. Etter atten minutt var det heimelaget som skapte den første sjansen i kampen, men avslutninga frå Jonas Sira gjekk til side for mål. Banespelet var jamt, men det var heimelaget som farlegast framfor mål. Etter 29 minutt avslutta Sira via målvakta til Blindheim. Ballen var på veg mot mål, men ein Blindheim-spelar fekk klarert.

Jonas Sira (t.v.) var nær ved å sende Hovdebygda i leiinga i 1. omgang. Foto: Joachim Åsebø

Velle Kristian Undheim Espeland ei brukbar avslutning i neste situasjon. Hovdebygda skapte fleire farlegheiter mot tampen av omgangen. Forsøka til gjestene vart enten stoppa av Hovdebygda-forsvaret eller så hadde Jonas Husøy i Hovdebygda-målet ein grei jobb med å plukke opp ballen. Det næraste Blindheim kom i 1. omgang var eit innlegg som var bort i tverrliggjaren etter 42 minutt.

To minutt ut i 2. omgang fekk Skjalg Digernes gå opp upressa på eit hjørnespark og Hovdebygda-kapteinen stanga inn 1–0.

Skjalg Digernes header inn 1-0. Foto: Joachim Åsebø

Ei fortent leiing. Heimelaget var farlege på kontringar og Jonas Sira skapte store problem for Blindheim-forsvaret. Den raske høgrevingen fekk to store sjansar til auke leiinga, men dessverre for Hovdebygda sin del gjekk inn ballen i mål. Tomislav Novak hadde og ei god avslutning midtvegs i omgangen. Blindheim vart meir og meir frustrerte. Jon Anders Dyrkorn kom gjennom for Hovdebygda åtte minutt før full tid, men avslutninga gjekk på målvakt og Blindheim fekk klarert.

Jon Anders Dyrkorn fekk ein stor sjanse til punktere kampen åtte minutt før slutt. Foto: Joachim Åsebø

Gjestene klarte å skape eit trykk mot Hovdebygda på tampen av kampen, men Husøy vart ikkje sett på nokon prøver. Dermed kunne Hovdebygda juble for 10-siger og tre poeng.

Sondre Kårstad Nilsen spelte sin siste kamp for Hovdebygda, og var solid i midtforsvaret saman med kaptein Skjalg Digernes. Foto: Joachim Åsebø

– Vi viste at dei kom til å legge om til tre midtstopparar og to backar som låg høgt i bana. Vi torde å stå høgt, blottla oss litt, men grunna at vi klarte å stå i presset så klarte ikkje Blindheim å få til sitt spel. For oss var første prioritet. Nok ein gang skapte vi nok sjansar og burde ha punktert kampen tidlegare. Vi spring mykje, er villig til å blø for kvarandre og tar kampen.

På dei elleve første seriekampane i 5. divisjon har det blitt seks sigrar, fire tap og ein uavgjort kamp for Hovdebygda. Laget har teke nitten poeng, og før den ellevte serierunden er ferdigspelt ligg laget på 4.-plass på tabellen.

– No er vi der oppe og då er det ekstra artig å ta til att på haustsesongen.

Daniel Reza Malakzadeh kom ikkje på skåringslista onsdag, men saman med resten av heimelaget la han ned ein solid innsats. Foto: Joachim Åsebø