Ørsta IL friidrett stiller med 37 utøvarar på innandørs KM i Ulsteinhallen som vert arrangert 27. og 28. februar. Ifølgje heimesidene til friidrettsgruppa er dette den største deltakinga frå klubben i nyare tid. I tillegg er det klart at Ørsta stiller og med stafettlag på 4 x 200 meter på Dimna Games.