– Det er veldig kjekt å vere med på fotballskule. Vi får spele fotball, vi vert betre til å spele fotball og så er det kjekt med straffekonkurranse. Det er også gøy å sentre, skåre mål og drible, seier Emil Christoffer Remmen, Magnus Viddal og kompisane mellom skotreninga.

Rundt gutar og jenter i alderen seks til og med tolv år er denne veka samla i Kiwihallen og på Ørsta stadion til Fair Play fotballskule. Fotballskulen er open for alle, og med regnvêret som har vore denne veka har Kiwihallen vore ein naturleg tilhaldsstad. Deltakarane har vore gjennom mange ulike øvingar, der fokuset er leik med ball, og stemningar og aktiviteten var god då Møre-Nytt vitja fotballskulen onsdag føremiddag.

Fem dagar

I år har fotballskulen vorte utvida frå tre til fem dagar. Bakgrunnen for dette var fleire etterlyste å kunne velje dagar, og difor vart det i år eit tilbod der ein kunne velje tre eller fem dagar. Trivsel og tryggleik er i førarsetet når vert arrangert fotballskule, og at ungane trivast og har det bra.

Til Fair Play-fotballskulen stilte det opp instruktørar frå både gute- og jentelag. I tillegg var junior- og a-lagsspelarar til stades.

– Er instruktørane flink?

– Ja, dei er både kjekke og flinke, seier Remmen og Viddal og legg til at for noko var dette siste dag på fotballskulen, medan andre skulle vere med heile veka.

Rundt førti deltakarar var i aksjon på fotballskulen onsdag. Her er jentespelarar samla saman med dei yngste gutane, i tillegg til instruktørane.