Tradisjonen tru samlast både eldre og yngre handballspelarar seg i Ørstahallen andre juledag til juleturnering. Fem lag deltok i turneringa i veteranlaget med m.a. Gunnar Knutsen og Egil Rustad på laget, G16-laget til Ørsta og tre lag inndelt etter årsklasser. Desse årsklassene er var gutar født i 90-95, gutar født i 86–89 og gutar født i 83–85. Godt over hundre personar la også turen innom Ørstahallen for å få med seg juleturneringa, og etter rapportane var det mange gode spelarar på bana og god stemning i hallen. Kvart lag hadde mange spelarar, og til saman var det rundt 60 spelarar i aksjon. I turneringa var det seriespel der dei to beste laga gjekk til finalen.

– Den eldste spelaren som var i aksjon var 56 år. Gutar født i 90–95 var førehandsfavorittar, men det var gutar født 86–89 som gjekk av med sigeren. G16-laget var svært nære ved å slå ut vinnarlaget, men Øyvind Bakke utlikna i siste sekund og sikra finaleplass. Ganske ufortent, seier Jonas Gjersdal som er med på å arrangere turneringa og som sjølv spelte på vinnarlaget.

Prisutdeling

I 2002 vart det starta opp med juletrening og innbyrdes kampar for handballen i Ørsta. Gjennom åra har dette utvikla seg til juleturneringa der mange som er tilbake på juleferie i Ørsta også deltek. Juleturneringa vert avslutta med bankett på kvelden der det også vert delt ut prisar. Årets toppskårar vart Bendik Bjerke med nitten mål, og vart stemt fram av dei andre spelarane til årets spelar. Årets takling stod Christoffer Woldsund for då han takla medspelar Audun Myklebust. Årets flause gjekk til Sturla Knutsen som avslutta i bakken og langt over mål. Kristoffer Søvik fekk prisen for årets mål. Årets fiasko brukar å vere ein einmannsprestasjon, men arrangørane valte i år at denne prisen skulle gå til gutar født i 83–85 sidan laget berre tok eitt poeng. I 2010 byrja arrangøren også å dele ut heiderspris, og i år gjekk den til Egil Rustad.