Før pause var det lite som skilte laga. Heimelaget opna  godt og var i leiinga dei første ti minutta. Særleg var det i denne perioden klasse over avslutningane til Aukse Anglienskiene og Laima Bernataviciute. På stillinga 10-9 til Volda 20 minutt ut i omgangen, la Skrim ut frimerke på Bernataviciute. Ei svak og rotete Voldaperiode førte Kongsberglaget opp i ei tremålsleiing. Godt forsvar og keeperspel i  sluttminutta før pause,gjorde at heimelaget greidde å kome att og låg berre eitt mål bak ved halvtid.

Avgjorde tidlegTo Laima-skåringar i starten på 2.omgang tente eit håp om at dette kunne gå vegen for heimelaget. Men  på stillinga 15-15 fekk Skrim  ei luke som Volda aldri greidde å tette. Dei gjekk opp i firemålsleiing etter svakt angrepsspel av heimelaget som i denne perioden pressa alle avslutningane inn mot midten mot eit storvokst Skrimforsvar .I tillegg vart det for mange tekniske feil og Skrimdamene fekk tre «billege» kontringsmål på dette. Etter time-out av Voldatrenarane Gudmundsson/Buchardt tok spelet seg litt opp att, og to skåringar av kantspelarane Karoline Dyrhol Slenes og Kaisa Holsvik gav  ny nerve i kampen. Volda spelte seg til gode avslutningar fleire gongar i sluttminutta, men ei god Skrimmålvakt Regina Gulbrandsen var vanskeleg å overliste. Kampen ebba dermed ut med firemålssiger til serieleiaren.

God forsvarskamp av VoldaTrass tap  må Volda likevel kunne seie seg fornøgde med kampen mot Skrim. Laget har ei formkurve som  peikar oppover og med tre nye spelarar på plass, vil nivået og kvaliteten på treningane framover bli langt betre. Mot Skrim spelte Runa Vik ein ny god kamp i mål. Av utespelarane var Kaisa Holsvik Volda sine beste spelar. Ho leverte både i angrep og forsvar. God var også Aukse Anglienskiene. Laima Bernataviciute vart passa godt på, men er alltid farleg når ho kjem seg fri og i forsvar er ho solid.

Fin debut av Hilde og KarolineTo av dei tre nykomarane fekk også speletid utover i kampen. Både Hilde Egset og Karoline Dyrhol Slenes blir heilt klart nyttige spelarar framover. Slenes hadde ikkje vore mange minutta innpå i debutkampen før ho hadde fått første ballen bak Skrim-keeperen.

– Det var kjekt å sjå den ballen gå inn.  Ho er ikkje overraska over nivået i divisjonen og er klar på at Volda slett ikkje er noko botnlag.

– Kva var skilnaden på dei to laga i dag?

– Skrim er svært godt samspelte og kjenner kvarandre veldig godt. Dei vinn kampen i dei periodene vi gir dei sjansar til kontringsmål. I tillegg får dei nokre sjumeterkast som ikkje vi får.

Voldatrenar Kristinn Gudmundsson var sjølvsagt ikkje nøgd med at det blei tap, men vel å fokusere på det som var positivt med kampen.

– Vi spelar ein god forsvarskamp og bakerst er Runa vik fantastisk i mål. I angrep er vi godt med før pause. I andre omgang får vi litt problem med å kome gjennom eit kjempegodt forsvar. Dette må vi ta lærdom av og jobbe for å bli lurere i slike situasjonar.

Om bruken av dei nye spelarane seier han:

- Det vil alltid ta litt tid med å få nye spelarar inn i eit lag. Som trenar er det mi oppgåve å finne balansen i laget. Dette er vi godt i gong med og i dei komande kampane skal vi utvikle spelet vårt vidare.

Komande helg går turen til Oslo og dobbelkampar mot Njård og Rælingen.

Kampfakta

Volda HK – Skrim Kongsberg   21 – 25 (13-14)Voldahallen: 350  tilskodararVolda: Runa Vik, Astri Ingebrigtsen, Linn Berg 1 ,  Kine Kvalsund , Caroline Helgesen 2, KristineH.Vike 1 , Olivia Kiss 2, Rita -Kristin Rise , Kaisa Holsvik 3, JurateZilinskaite, Aukse Anglienskiene 4,Laima Bernataviciute 7, Hilde Egset,Karoline Dyrhol Slenes 1.Toppskårarar Skrim Kongsberg : Cathrin Korvald og Trine Haugstad  7 kvar.Best på Volda: Kaisa Holsvik og Runa Vik. Utvisningar:  Volda 5 x 2min, SkrimKongsberg  2x 2min.Domarar: Carina Maria Brattås og Jannicke Kirkelund.