– Det er veldig kjekt å vere med på handballskule, og vi byrjar å verte flinke til å hive ballen i korga, ta med ballen i fart og verte flinkare til å spele handball, seier Sofie Sporstøl Ødegård, Marken Agathe Skår og Andrea Selbervik Nilsen til Møre-Nytt.

– Det er kjekt

Med instruktørar frå J16- og G16-laget til Ørsta handball var rundt tretti i full sving med ulike aktivitetar på Labb og Line handballskule denne veka.

– I dag er her 31 ungar. Vi hadde tretti påmelde, og så kom noko i etterkant og lurte på om dei kunne vere med. Med tanke på tal på ungar i hallen er dette optimalt, men med tanke på rekruttering skulle vi gjerne sett at det var litt fleire. No får vi delt deltakarane litt, og vi er sikra at alle saman vert følgt opp. Det er kjekt, seier Lars Øie i Ørsta handball.

Fokuset på handballskulen har vore leik med ball, og øvingane har vore handballrelatert. I tillegg er det lagt opp til fysisk fostring og deltakarane har vore gjennom ulike øvingar som m.a. stafettar, hinderløype og koordinasjonstrening. For instruktørane var handballskulen også noko nytt, og dei har lagt opp aktivitetane sjølve.

– Nokon av dei er litt beskjedne som leiartypar, medan andre er veldig flinke. Dei har det kjekt her, og alle som var her måndag kom tilbake tysdag. Så aktiviteten her er høg.

Gode tilbakemeldingar

Av dei rundt tretti deltakarane var det flest jenter på årets handballskule, men der var også bra med gutar.

– Mange av dei som er her har vore med på minihandball med Arne Koppen, og dei som er med på G10 med Patricio Medina er med her. Så er det også noko som ikkje har byrja med handball som ville vere med for å prøve. Tilbakemeldingane frå dei har vore at dei vil kome på neste handballtrening, og det er bra. Utfordringa er å halde alle i aktivitet i så mange timar, men det har gått bra, seier Øie.

Dei tre jentene som Møre-Nytt snakka med, og som hadde det veldig kjekt på handballskule, spelar ikkje handball til vanleg.

– Vi har lyst til å byrje, seier dei.

– Eg kjenner mange som held på med handball, og fleire i familien min har spelt handball, seier Marken.

– Har de lyst til å delta på handballskule seinare?

– Ja, svarer dei unisont.

Labb og Line handballskule vart avslutta tysdag.