Ørjan Håskjold Nyland varta opp med fleire flott redningar då han vende tilbake til Høddvoll onsdag. Etter seks år i Hødd-drakta, vart møtet med gamleklubben spesielt for morkabygdingen, men har vart teken godt imot på sin gamle stadion. I straffesparkkonkurransen redda han to av sju straffespark, og saman med Daniel Chima Chukwu vart han avgjerande for at Molde tok seg vidare.

– Den einaste sjansen for Molde til å vinne eit trofe i år ser ut til å vere cupen. Det er godt å gå vidare, men det var veldig spesielt.

– Var du trygg på at det skulle gå vegen då straffesparkkonkurransen starta?

– Det er vanskeleg å vere sikker, men eg har redda straffer tidlegare, og eg veit at det mogleg å redde straffer. Vi bomma på to etter at eg hadde redda to, så det er litt tilfeldigheiter, sa Håskjold Nyland.

– Sjølvtillit

I siste serierunde før ferien vart det 4–0-siger for Molde mot Hønefoss på Aker stadion, og med cupavansementet mot Hødd har fjorårets seriemeister fått ein liten opptur.

– Det er klart at det gjev oss sjølvtillit, og vi treng det. No har vi nokon gode prestasjonar som vi må ta med oss, og så må vi bruke ferien godt, trene hardt når vi kjem heim igjen og så reknar eg med at vi klare til haustsesongen.

Ser fram til EM

Medan dei andre Molde-spelarane no får nokon veker med ferie reiser Håskjold Nyland til Israel saman med U21-landslaget for å spele EM. Der skal han kjempe med Arild Østbø om målvaktsplassen, og Håskjold Nyland gler seg til sluttspelet.

– Eg ser fram til EM. Resten tek ferien medan vi reiser til EM. Eg håper at vi skal få ei god oppleving, og vi veit at vi er eit godt lag som kan bite godt frå oss.

Første kamp for Noreg i EM er mot vertsnasjonen Israel 5. juni.