I den andre kampen om KM-tittelen vann Sæbø 3–2 over Ørskog på Sjøholt. Dermed vann Sæbø begge kampane, og 8–5 samanlagt.

Sæbø starta kampen på Sjøholt godt, og let aldri Ørskog få ro til å styre spelet.

Etter 23 minutt vart det 1–0 til Sæbø. Terje Haugen Øye utnytta ein feil i Ørskog-forsvaret, og frå tjue meter skrudde han ballen forbi Ørskog-målvakta og i mål.

Ørskog utlikna like før pause, slik at stillinga var 1–1 til pause.

Avgjorde

Sæbø gjekk opp til 2–1 seks minutt ut i andre omgang. Terje Haugen Øye kom åleine, og gjorde ingen feil.

Bjørnar Holen auka leiinga til Sæbø etter halvtimen, og med 3–1 til Sæbø var kampen om KM-tittelen avgjort. Det vill vere uråd for Ørskog å skåre fire mål i løpet av det siste kvarteret.

Rett nok reduserte Ørskog ein gong, slik at sluttresultatet vart 3–2 til Sæbø.

Kampfakta:

0–1 (23) Terje Haugen Øye

1–1 (41) Jon Espen Joranger

1–2 (51) Terje Haugen Øye

1–3 (75) Bjørnar Holen.

2–3 (86) Frank Abelseth