Alpinbakkane på Hemsedal er bytta ut med trening på Bondalseidet for Mathea Stranden og Anny Vaage Molvær. I helga leverte dei begge prestasjonar i noregstoppen i sine årsklassar og feia gjennom løypene under Eco cup. Cupen er uttaksrenn til internasjonale barnerenn

– I storslalåm var veldig nøgde, men i slalåm skulle eg ønske at eg meg i mål på ein skikkeleg måte, seier 14 år gamle Mathea.

Ho gjorde ein feil i slalåmløypa, men i storslalåmløypa leverte ho prikkfritt i J14-klassa. Ingen køyrde raskare enn Volda-jenta som til slutt kunne smile breitt øvst frå pallen.

– Det var kjekt å vinne, men det kunne likevel ha gått litt betre, seier Mathea med eit smil.

Sigeren i storslalåm gav 14-åringen så mykje poeng samanlagt at ho no er kvalifisert til å køyre internasjonale renn. Om berre to veker går turen til Slovenia og alpinmekkaet Kranjska Gora. Her skal det på ny konkurrerast i storslalåm under Pokal Loka 10. og 11. februar.

– Det har vore målet mitt sidan i sommar å kvalifisere meg for internasjonale renn. Det var veldig kjekt å få det til og eg gler meg til å køyre.

– Kor langt ønsker du å nå med alpinsporten?

– Eg har lyst til å bli verdas beste kvinneleg alpinist, seier 14-åringen.

2.-plass

Anny Vaage Molvær gjorde det også skarpt i slalåm. I J16-klassa køyrde ho inn til andreplass.

– Eg er veldig nøgd med prestasjonen min, seier Molvær.

Prestasjonen i Hemsedal gjer at Molvær er kvalifisert til skiforbundet si talentsamling.

– Eg tykkjer det er veldig kjekt å vere med på slike samlingar, og eg var med på den som i fjor også. Det var eit veldig bra opplegg i fjor, og eg gler meg til å ta del også i år.

Samlinga i år lagt til Kvitfjell frå 9.- til 11. februar. Molvær tykkjer det er veldig lærerikt å få vere med på slike samlingar.

– Eg satsa kanskje litt meir på alpinsporten før enn akkurat no, men eg har veldig til å kome meg vidare og utvikle meg.