Fotballgruppa i Ørsta IL ynskjer å byggje ein kaldhall med sjuarmål mellom kunstgrasbana og Velle skule. Målet er byggjestart til våren.

Søknaden om ein million kroner årleg frå kommunen i to eller tre år vart referert i formannskapet torsdag, men formannskapet var lunkne.

No tek styreleiar Petter Sandnes i ØIL fotball til orde for å overtyde politikarane om at kaldhallprosjektet er verdt å satse på.

Kapasitetsproblem

– Det er problem med kapasiteten som er hovudgrunnen til at vi no vil byggje ut anlegget vårt. Berre fotballgruppa har 391 aktive personar, og talet vert mykje høgare dersom ein tek med alle ungdomane som går på Velle, Ørsta ungdomsskule og vidaregåande. Vi treng ein kaldhall som kan gje oss gode treningsforhold både sommar og spesielt vinter, seier Sandnes.

Han understrekar at medlemmene i fotballgruppa sjølve har opplevd politikarane som positive til kaldhall, og han håper stemninga held fram med å vere såpass god at prosjektet vert realisert.

– Planen for idrett og friluftsliv skal opp til rullering når det nye kommunestyret kjem inn, og må vi få inn kaldhall på lista, seier Sandnes.

Konkurrerande tiltak

Nokre har kanskje vore kritiske til at kaldhallen kan råke planane om fleirbrukshall, men styreleiaren avfeier det, og seier at fyrstnemnde er eit mykje lettare prosjekt som vert for eit strakstiltak å rekne.

Ettersom det berre gjeld ein opplyst hall utan varme, lik hangaren på Hovden lufthamn, kan prosjektet allereie vere ferdigstilt til våren.

Sandnes meiner det er viktig å handle raskt.

– Det er til dømes usikkert kor lenge den gamle idrettshallen kan halde ut, særleg med tanke på snømengdene som kjem til vinteren.

I tillegg poengterer styreleiaren at kaldhallen vil vere samlande for dei ulike idrettslaga i kommunen, og viser til det gode samarbeidet som eksisterer i dag.

Invitasjon

– For å vise kor stor interesse det er for prosjektet vårt, inviterer vi no formannskapet, ordførar og rådmann til sesongavslutninga, med årets siste heimekamp den 14. oktober klokka 18.30.

Her vert det gratis inngang til alle, og Sandnes voner at så mange som muleg tek turen.

– La oss gjere dette til ei verdig sesongavslutning, og håpe at dette vert den siste vinteren utan kaldhall.