Ørsta stod med fjorten sigrar og eitt tap før møtet med Skarbøvik i Ørstahallen søndag. Med siger ville Ørsta framleis vere på topp i 4. divisjon, men kampen vart litt jamnare enn det som var spådd på førehand. Ørsta festa grepet om kampen i 1. omgang, og gjekk til pause med 18-15-leiing. I 2. omgang klarte vertane å dra litt ifrå, og sikra seg poenga med 35-30-siger. Silje Anette Nupen Sandnes vart toppskårar med ti mål, og Anne Nedreberg noterte seg for åtte mål.

Tabelltopp

Ørsta toppar framleis 4. divisjon og har 30 poeng på 16 kampar. Det er eitt poeng ned til Hødd på plassen bak, men Ulsteinvik-laget har to kampar meir spelt. Bergsøy er fire poeng bak Ørsta med to kampar mindre spelt.

No ventar ei lita pause for Ørsta fram til første helga i mars. Spjelkavik er motstandar på bortebane 1. mars, og dagen etterpå gjestar Sykkylven Ørstahallen. Det står att fem kampar av årets sesong for Ørsta.

Kampfakta

Ørsta - Skarbøvik 35-30 (18-15)

Ørsta: Norunn Fagerhol, Helene Fagerhol, Else-Marie Stokke, Silje Anette Nupen Sandnes (10), Marthe Kile Takseth (1), Liv-Grete Stokke (1), Ida-Therese Egset (5), Anne Nedreberg (8), Karen Ose Lid, Mari Kvien Håskjold (3), Monica Skare (4), Ida Åmås, Michelle Holvik, Nina Hustad (3)