Robin køyrer for SK Rye, og deltek i klassa 15–16 år. I juni overraska han konkurrentane med å vinne Norgescup-rittet på Voss, og segla dermed opp som ein outsiderkandidat til topplass også i NM.

Løypa i Nesbyen var svært rask og teknisk krevjande, og fleire plassar kunne farta komme opp i 55–60 km/t. Med 30 graders varme i helgen vart det ekstra raskt og tørt i skogen. Faktisk vart det glattare og glattare etter kvart som dei rundt 100 deltakarane trente i løypa gjennom helga. Støv og sand køyrast vekk, og røter og steinar kjem fram i løypa, noko som gjer at skogbotnen vert glattare for syklistane. Likevel vart det ei fantastisk helg, og finaledagen søndag vart ein fest av fart, lange svev og stor stemning.

Tredje beste tid

I utforsykling vert startrekkjefølgja i finalen avgjort av ein seedingsomgang søndag føremiddag. Her hadde Robin 3. beste tid (4 minutt og 10 sekund), bak Adrian Aakre frå Voss (4:04) og Frikk Hess-Bolstad frå SK Rye (4:05). Storfavoritt og tittelforsvarer Martin Klette punkterte, og hamna eit godt stykke ned på lista. Dermed var det Klette som "opna ballet" i finalen, og sette standarden med kjempesterke 3:49. Ei tid det skulle vise seg å verte svært vanskeleg å slå for dei 8 løparane som stod igjen på start. Ein etter ein måtte dei strekkje våpen, og då dei tre beste frå seedingen stod igjen, leia framleis Martin klart.

Sølv

Robin køyrde inn på 4:08, og tok dermed ein førebels andreplass. Då Frikk Hess-Bolstad kom inn på 4:27, var det klart at Robin hadde sikra seg medaljeplass. Då Adrian Aakre enda på 4:10 var ein sensasjonell sølvplass eit faktum.

– Inspirerer og motiverer

Robin var strålande nøgd med å ha klart det som var sesongens store mål – ein pallplass i NM.

– Dette inspirerer og motiverer til den vidare satsinga, seier han, og fortel om planer for enda hardare og betre trening kommande vinter.

– Det vert nok ein tur eller to til varmare strøk i vinter, kor eg kan få supplert den harde styrke- og kondisjonstreninga med spesifikk sykkeltrening.

Neste år er Robin førsteårs junior, og det betyr enno hardare konkurranse. Robin er likevel klar på at målsetninga er å halde fram framgangen, og å kapre pallplassar i både Norgescup og NM.