Det er klart at første kamp mellom Ørsta og Volda . 4. divisjon vert på Volda stadion 16. mai. Sesongstart vert 24. april for begge laga. Ørsta møter Blindheim borte, medan Volda møter Skodje borte.

I 5. divisjon er det i år fire lokale lag, og det vert to lokaloppgjer 16. mai. Åmdal tek imot Hovdebygda på Legene, og Vartdal møter Sæbø på Remen. Sesongstart i 5. divisjon er 23. april. Sæbø opnar sesongen heime mot Sunnylven/Stranda 2, og Hovdebygda tek imot nyopprykka Ørskog på heimebane. Det vert også eit lokaloppgjer i første serierunde når Åmdal tek imot Vartdal på Legene. Terminlistemøtet vert i januar og det kan kome endringar i oppsettet.

Det kan kome endringar i oppsettet etter terminlistemøtet i januar.