Volda opna best og etter to skåringar av Aukse Anglienskiene og tre av Caroline R. Helgesen, viste måltavla 5–2 etter 10 minutt. Ei svak midtperiode med mange tekniske feil av heimelaget, gav Gjøvik rom for kontringsmål og 20 minutt ut i omgangen var det bortelaget som var i føringa 9–8. Fram mot pause var heimelaget på skjenene att, takka vere godt forsvarsspel og fine skåringar av Aukse og Caroline. Desse to stod for 11 av Volda sine mål i 1. omgang. Det stod 14–10 ved halvtid.

Sjumålsleiing

Volda greidde å halde oppe trykket i starten på 2. omgang og auka raskt leiinga til 20–13. Gjøvik måtte her endre taktikk og la ut frimerke på Laima Bernataviciute og Caroline R. Helgesen. Det tok litt tid før Volda løyste denne taktikken og Gjøvik greidde nesten å innhente heimelaget si sjumålsleiing. Seks minutt før slutt på stillinga 24-22, var det trenarduoen Gudmundsson/Buchardt som måtte ta time-out for å roe ned litt stressa Voldaspelarar. Dette hjelpte for i sluttminutta var det ingen tvil. Med publikum i ryggen og eit tett forsvar, kunne dei gå av bana med ein fullt fortent 29–22 siger.

Godt forsvarsspel

Ein god kamp av Volda der forsvarsspelet i lange periodar var svært bra. Dette gav også laget rom for kontringar noko dei utnytta godt. Framover på bana var det årsbeste og det er liten tvil om at ein spelar som Karoline D. Slenes har gitt Voldaangrepet ein ny dimensjon i kontringsspelet. Når også Caroline R. Helgesen får gå opp og dunke inn seks mål før pause og Aukse Anglienskiene brillijerer med ni mål frå alle posisjonar, måtte dette berre bli siger. Med spelarar som Dyrhol, Hilde Egset og Line S. Hagen på plass, har Volda fått ein betre og breiare spelarstall noko som vil kome svært godt med i dei resterande kampane.

Voldakaptein Runa Vik var sjølvsagt svært glad over poenga og med innsatsen til heile laget:

– I dag visste alle at vi måtte ha to poeng og det vi har jobba med på trening dei to siste vekene, fungerte fint i kampen. Vi står godt bakover sjølv om eg ikkje hadde min beste dag mellom stengene. Framover på bana var det svært mykje positivt og det var kjekt at bakspelarane hadde dagen.

Ho var også fornøgd med innsatsen og kvaliteten på dei tre nykomarane i troppa.

– At vi har fått inn tre nye spelarar, gjer at vi har fleire strenger å spele på. Alle tre er gode spelarar som løftar laget. No treng dei litt speletid for å gjere seg kjende med spelesystema.

Blitt betre på kontringar

Trenar Kristinn Gudmundsson har dei to vekene sidan siste kamp jobba godt med laget og var sjølvsagt fornøgd med det som blei prestert mot Gjøvik.

– Heile laget visste at i dag var det «vinn eller forsvinn». Vi måtte snu den negative trenden vi har hatt med tap i jamne kampar. For moralen i laget var det derfor svært viktig med to poeng mot Gjøvik. Alle som var på bana og på benken, viste god arbeidsmoral og «banens beste» i dag var nok laget.

Trenaren såg resultat av det laget har jobba med fram mot denne kampen.

– Vi hadde god struktur på spelet vårt i angrep og var tøffare og meir disiplinerte enn tidlegare. Dette er viktig i fasar der spelet stoppar litt opp. I dag løyste vi dette på ein fin måte. Ikkje minst i undertalsspel 5 mot 6.

Noko som fleire har sakna med årets Voldalag er kontringsspelet. I denne kampen var det på plass. Både Aukse Anglienskiene og Karoline D. Slenes skåra fleire mål på kontringar.

– Er det rett å seie at Volda har blitt eit betre kontringslag etter at Karoline S. Dyrhol kom?

– Karoline har tilført laget ein viktig faktor her, ho er svært dyktig til å springe når ho skal. I tillegg har vi større breidde i stallen slik at vi kan springe meir og bytte når spelarane treng det.

Hønefoss neste

Om to veker står nok ein nøkkelkamp for tur. -Kva skal det trenast på fram til kampen mot tabelljumbo Hønefoss?

– Først blir det å analysere denne kampen og bli enda betre på det vi er gode på. I tillegg må vi sjå på det som ikkje var like bra. Det blir også viktig å få dei tre nye spelarane meir og meir inn i spelesystema. Dei vil få meir speletid frå kamp til kamp, slikt vil ta litt tid.

Med sigeren over Gjøvik ligg Volda på 12. plass, berre to poeng frå sikker plass.

Aukse Anglienskiene vart kampens toppskårar med ni mål og leverte to svært gode omgangar. Foto: Ove Krumsvik