Laurdag arrangerte Volda HK «Gullfest» på Volda Turisthotell for seniorspelarar, trenarar, støtteapparat, sponsorar og foreldre. Ikkje minst blei det gjort stor stas på damelaget som greidde å kvalifisere seg for 1. divisjon.

Under første del av festen var det tilbakeblikk på sesongen i form av film, bilete og musikk. Heider og ære var det og plass til og det blei delt ut ulike prisar til alle som på ulikt vis har bidrege til suksessen i Volda HK.   Norodd Dyrhovden avrunda den seremonielle delen og tok oss med tilbake til kvaliken i Tromsø med diktet «Me visste det».

Opprykksbonus

Under festmiddagen, fekk dei vel 100 frammøte høyre rosande ord frå generalsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre ved adm. banksjef Solveig Midtbø. Ho var mektig imponert over arbeidet Volda HK har gjort i både breidde- og toppsatsinga. Som ein ekstra bonus for opprykket overrekte ho leiar i Volda HK, Arild Bakke, ein sjekk på 100.000 kroner.

Ein annan hovudsponsor, Tussa, kom med gode ord og ein bonussjekk på 10.000 kroner.

– Dei høge måla og visjonen til Volda HK fell godt saman med måla vi har i Tussa om å ha kraft til å skape. Vi ser fram til å følgje klubben vidare, sa energirådgivar Frank Vatne under middagen.

I tillegg til talar, underheld systrene Anette og Linn J. Berg festlyden med flotte songinnslag.

Etter middagen var det dans med «Klanglab».