Med eit reisefølgje på rundt tretti personar var Vartdal for andre året på rad på treningsleir i Side i Tyrkia. Spelarane har sjølve betalt ein eigendel, og har m.a. selt røykelaks for å samle inn pengar til turen. Gjennom sju dagar fekk dei 26 spelarane gjennomført 12 treningsøkter, spelt internkamp og to treningskampar. I tillegg til treningane stod det sosiale i fokus med m.a. kviss, minigolf, tennis og tingjakt. Den sistnemnde aktiviteten gjekk ut på å hente ting til ein viss poengsum, og trenar Kenneth Nydahl måtte m.a. på nabohotellet for å få tak i ei bowlingkule, medan andre sprang to kilometer for å hente ein liter med sjøvatn. Med tjuefem varmegrader og sol frå blå himmel, var det også fleire som nytta sjansen til å få litt farge.

Målrikt mot Fuvo

Gjennom opphaldet spelte Vartdal også to treningskampar mot Skodje og Fuvo. Skodje, som i år spelar i fjerde divisjon, var første motstandar ut. Kampen enda med 2–1 siger til Skodje, der Tony Ristesund skåra målet for Vartdal. Mot Fuvo, som spelar i tredje divisjon, vart det målrikt. Nils Petter Sæther sendte Vartdal i føringa, og Rolf Audun Vartdal auka leiinga litt seinare. Etter pause kom Fuvo tilbake i kampen, og Vartdal mista litt fokus. Fuvo skåra fire mål, men mot tampen av kampen skåra kaptein Petter Ove Sætre to mål og laga var like langt. Det såg ut til å ende med uavgjort, men ei feilpasning frå Vartdal si side førte til at Fuvo tok leiinga igjen og vann kampen.

Siste dag i Tyrkia vart nytta til soling for nokon før dei sat seg på bussen til flyplassen.

For å lese meir om treningsleiren til Vartdal kan ein gå inn på vartdalalag.blogspot.com