Silje Fjørtoft frå Ørsta er truleg i sitt livs form, og har gjort reint bord i alle terrengløpskonkurransar ho har stilt opp i denne hausten.
I månadsskiftet tok Fjørtoft sin femte strake siger under «Conference USA Championships». I løpet slo ho Risper Kimaiyo, som har vunne gullet to år på rad, med åtte sekund. Trenar Cathy Casey omtalte løpet til Fjørtoft som eit av dei mest imponerande løpa ho hadde gjennomført. Kristine Eikrem Engeset leverte også eit godt løp under meisterskapen, og enda på ein sjuandeplass.
Seks strake
Førre helg var Fjørtoft igjen i aksjon i «Regionals». Igjen var ho suveren og vann fortent. Ho sprang den 6 kilometer lange løypa på 19.59, og var 26 sekund før Becky Wade i mål. Tilhøva i Waco, Texas, var krevjande for løparane, men trenar Casey var godt nøgd med innsatsen.
– Silje leia løpet frå start til mål, og sprang i sterk vind fortare enn nokon andre nokon gong har gjort i denne løypa. Ho går uovervunnen inn i NCAA-mesterskapet og er i sitt livs form, noko ho verkeleg viste i dag, seier Cathy Casey til SMUs heimeside.
– Følte meg sterk
– På grunn av den sterke vinden hadde eg tenkt å ligge bak nokon i første del av løpet, men eg følte meg sterk og gjekk derfor i tet, fortalde Silje Fjørtoft til Flotrack etter løpet. Eikrem Engeset vart nummer femten i dette løpet.
Neste konkurranse for Fjørtoft er «NCAA Championships» 21. november.