Fredag kveld reiste Åmdal gjennom Eiksundsambandet for å spele årets første seriekamp borte mot Haddal. Første omgang starta litt rotete frå begge lag, men etter kvart fekk Åmdal fasong på spelet sitt og tok føringa i kampen. Etter nesten to identiske gjennomspel i bakrommet ordna Kai Robin Myklebust både 1–0 og 2–0. Like før pause reduserte Haddal, men Åmdal følte likevel at dei hadde kontroll på kampen til pause.

Lita tropp

Det var ei tynn tropp på berre elleve mann som tok turen til Haddal, og i pausen måtte Thomas Rogne gje seg etter ein smell i første omgang. Haddal snudde kampen tidleg i andre omgang på eit straffespark og frispark. Like etterpå vart Anders Molnes felt i feltet, og Svein Erik Grevsnes sette sikkert inn utlikninga. Åmdal tok tilbake leiinga i kampen etter at Joakim Giske fann Molnes i feltet, som nikka ballen i mål. Myklebust var aleine med målvakta like etterpå, og kunne ha punktert kampen, men det vart ikkje skåring. I staden kom Haddal tilbake i kampen, og utlikna på eit drøymetreff frå 25 meter. Fem minutt før slutt var Haddal igjen i føringa. Åmdal hadde nokre brukbare sjansar i sluttminutta, men det vart tap i første serierunde.

– Vi tapte mot eit lag som vi strengt tatt skulle ha slått. Det mest skuffande er at reiser på bortekamp med berre 11 mann, og ikkje at vi tapar ein kamp. Men vi kjem til å vinne fleire kampar enn vi tapar i år. Det er eg viss på, seier spelande trenar Svein Erik Grevsnes.