Ørsta opna i eit forrykande tempo på heimebane mot Rollon. Bortelaget vart pressa tilbake, og sleit med å etablere noko spelt dei første ti minutta. Den største sjansen for heimelaget kom ved Daniel Aakre etter eit hjørnespark, men han fekk ikkje pressa headinga under tverrliggjaren. Utover i omgang kom Rollon meir med i spelet, men truga ikkje Ørsta nemneverdig. Femten minutt ut i kampen kom Terje Rebbestad seg elegant ned til dødlina, og fekk lagt ballen tilbake til Mats Øvrebotten. Via ein forsvarsspelar ordna han 1–0 leiing for heimelaget. Ørsta heldt fram med å ha initiativet i kampen etter målet, men ti minutt etter skåringa reduserte Rollon på eit frispark frå 25 meter. Ikkje lenge etterpå var kampen snudd. Heimelaget markerte dårleg på eit hjørnespark, og ein Rollon-spelar fekk stå heilt aleine og heada inn bortelaget sitt andre mål for dagen.
Massivt Ørsta-press
Andre omgang starta jamt, men det Rollon som skapte det som var i starten av omgangen. Etter eit kvarter vakna Ørsta til live. Terje Rebbestad hadde ein god kamp for Ørsta og han fann Kai Henning Leira rundt femmeteren. Leira fekk ikkje til ei god avslutning, og målvakt avverja situasjonen. Nokre minutt seinare var Rebbestad på farten igjen. På bakarste stolpe venta Øvrebotten heilt aleine, og med hovudet skapte han balanse i rekneskapen. Etter utlikninga tok heimelaget fullstendig over kampen. Laget pressar Rollon og jobbar godt saman. Både Vetle Dagfinrud og Øvrebotten er nær ved å sende Ørsta i føringa, men kampen endar uavgjort 2–2.
– Det er mykje positivt å ta med seg vidare frå kampen. Vi får poeng, men det er sjølvsagt litt surt at det ikkje vert tre poeng, seier trenar Henning Nygård.