Ørsta stod med fem strake sigrar i 3. divisjon avdeling ein og er eit av formlaga i divisjonen. Ørsta låg på ein 7.-plass på tabellen, men med ein ny siger ville dei ha heng på laga framom dei. Torsdag tok dei turen til Midsundhallen for å møte laget som låg to plassar bak dei på tabellen.

Gjestene kom godt i gang med tre skåringar av Tom Slenes, Anders Vatsaas og Odin Silseth Tømmerbakk. Etter sju minutt sette Per Ingebrigtsen inn Ørsta sitt femte mål, og gjestene var i leiinga 5–1. Bortelaget klart ikkje å halde på initiativet i kampen, og Midsund kraup stadig nærare på resultattavla. Ti minutt før pause var laga like langt på stillinga 10–10. Bjørnar Sundnes ordna ny tomålsleiing for Ørsta, men inn mot pause var det vertane som lukkast best i banespelet. Fire mål på rad gjorde at Midsund gjekk til pause med 15-13-leiing.

Ti minutt ut i 2. omgang var det igjen dødt løp mellom laga då Ingebrigtsen skåra Ørsta sitt nittande mål for kvelden. To mål til av Ingebrigtsen og eitt av Vatsaas gjorde at Ørsta igjen var i førarsetet med 22-19-leiing. Midsund gav seg ikkje og ti minutt før slutt var det igjen uavgjort, 25–25. Med fem minutt att av kampen var vertane i føringa 29–27. Skåringar av Vatsaas og Sundnes skapte balanse i rekneskapen att, og med litt over tre minutt att på kampklokka gav Vatsaas Ørsta leiinga i kampen. Ørsta tok timeout og fekk lagt ein strategi for avslutninga. Tolv sekund før slutt kom avgjerda. Vatsaas skåra sitt tiande mål i kampen og fastsette sluttresultatet til 31–29.

Dette var Ørsta sin sjette strake siger. Laget ligg framleis på 7.-plass i avdelinga, men det er berre tre poeng opp til Molde på 4.-plass. Ørsta har og ein kamp mindre spelt enn Molde og Melhus/Gimse på plassane føre.

Neste kamp for Ørsta er heime i Ørstahallen komande laurdag og Molde står på motsett banehalvdel. Kampen vert spelt laurdag 3. februar. Denne kampen er den første av seks heimekampar for Ørsta.

Kampfakta:

Midsund – Ørsta 29–31 (15–13)

Ørsta: Tom Slenes 4, Anders Vatsaas 10, Hallvard Kriken Fylling, Bjørnar Sundnes 4, Ruben Rekkedal Nydahl 2, Per Ingebrigtsen 9, Simen Sjøholt, Odin S. Tømmerbakk 2, Håvard Skaar og Kim Børre Berg.